FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Ein integrert inspirasjon

 

Forholdet mellom Olav H. Hauge og profil-gruppa var sterkt. Me har snakka med ein av forfattarane, Paal-Helge Haugen, om hans tilknyting til diktaren.

av Ida Habbestad, Mic Media

IH: Utgangspunktet for denne artikkelen er nokre linjer eg fann i Knut Olav Åmås sin Hauge-biografi. Det er snakk om utdrag frå eit brev du skreiv til Olav H. Hauge i høve utgjevinga av Dropar i austavind. Du var 22 år gamal, og formidla at Hauge med desse dikta var den diktaren du knytte deg nærast til. Me kan fastslå at han hadde ei viss betydning for deg som ung forfattar?

PHH: Ja, definitivt! Og det gjaldt jo ikkje berre meg, men ein stor del av ein generasjon. Det pussige med tilknytinga som Olav fekk til skrivande folk, fødde mellom 1937-47, var at det ikkje spela noka rolle kva miljøbakgrunn ein hadde. Mange av oss hadde bakgrunn frå bygdelivet, med den tenkje- og uttrykksmåten det medførte. Men Olav appellerte like sterkt til ein utprega urbanist som Jan Erik Vold. Det var spesielt!

Sjølv hadde eg eit slags dobbelt tilhøve til han, både til det han skreiv, men òg til personen Olav. Eg var glad i han, og såg han mykje. Han gjekk godt i lag med alle i Profil-gruppa, til tross for aldersavstanden mellom han og oss.

IH: I brevet skreiv du at ”Eg synest at ingen poet i dette landet nokonsinne har skrive dikt slik som De har gjort – ingen andre har skrive dikt som i styrke og klårleik kjem så nær opp til dei austlege meistrane”. De hadde ei felles interesse i det austlege?

PHH: Det var fleire felles interesser. Me hadde same slags referansar når det gjaldt bygdeliv og dessutan heile den nynorske skriftkulturen, inklusivt den gamle nynorske bibelomsetjinga som mange gonger kling gjennom hjå Olav. Interessa for klassisk austleg dikting var absolutt noko som knytte oss sterkt saman, sjølv om eg nok hadde eit sterkare fundament i det japanske, medan han var mest interessert i det kinesiske. Det same året som han gav ut Dråpar i austavind gav eg ut ei samling der eg forsøkte å transponere klassiske kinesiske dikt til norsk.

Teoretisk byggverk 

IH: Dette du kjem inn på no, er det som gjorde Hauge viktig for heile Profil-gruppa på 60-talet. De protesterte mot den generelle tilstanden i litteraturforskinga i Noreg?

PHH: Ja, på byrjinga av 1950- og 60-talet i akademia, fanst det vi oppfatta som teorifiendskap. Det var ein slags impresjonistisk innfølande hermeneutisk metode som dominerte kva som blei lese og lært av dei som studerte nordisk ved universitetet. Det var lite teoretisk byggverk, heller mykje kjensler, som mange av oss ikkje hadde mykje til overs for! Olav var ein av dei som hadde snekra saman eit teoretisk rammeverk heilt for seg sjølv, og dét imponerte.

Men dette me har snakka om til no, er berre ytterverket kring det heile. Det viktige er at han var ein av dei store poetane i Norden.

IH: Kva legg du i det?

PHH: Slik eg ser det, kjem det av at han hadde ei usannsynleg evne til å forma sin eigen forfattarskap. Alt for mange stivnar i ei form. I gamle dagar heitte det om forfattarar at ”nå har han funnet sin stemme” – som om det skulle vere noko å skryte av. Eg meiner det skulle vere ei varsellampe! Olav var nesten 40 år då han gav ut den første boka si, og framover skjedde ein heil del. Han bygde sakte om stilen, og endringa skjedde på eit tidspunkt der dei fleste har gjort sitt beste. Olav utvikla seg, og let alle påverknadene gli inn som ein del av byggverket, utan at det vart noko anna enn hans eige. Han tok si tid, men gjennom åra integrerte han den store kunnskapen i den konkrete skrifta. Det pussige er at han vart meir fåmælt etterkvart, han skrella og reinska – og til slutt var det berre beinet att. Men det er flotte bein!

IH: Din forfattargenerasjon gjorde opprør mot mange, men beheldt Hauge som eit førebilete. Kunne eit tilsvarande møte ha funne stad i dag?

PHH: Situasjonen er totalt endra i dag. Der er nok felles møtepunkt mellom generasjonar, men premissa er annleis. Tidleg på 60-talet skreiv den danske kritikaren og forfattar-guruen Poul Borum eit verk om poetisk modernisme, der du ikkje treng lese mange sidene før han omtaler Noreg som eit litterært uland. Impulsane og referansane var få og smale, og for oss var det eineståande å kjenne til ein mann i generasjonen før oss som var så orientert som Hauge. Olav hadde stukke av frå den norske ulandssituasjonen for lenge sidan, han! Det er mykje av nøkkelen til det snodige selskapet som utvikla seg. Hauge var ingen opprørar, men såg det som ein sjølvfølgje å gjere seg kjent med det som var tenkt og skrive. Å oppfinne gamalt krut nytta ikkje.

Eit moderne menneske

IH: For å vende attende til brevet du skreiv til Hauge: Du var oppsiktsvekkjande ærleg når du gjekk gjennom diktsamlinga. Du peika på kva dikt du meinte var gode, men du skreiv òg at ”Dikt som ’Sagi’ og ’Ein lyt’ får eg mindre ut av. Det kan vere min feil, men dei verkar så lukka og uvedkomande”. Det er ganske modige utsegn frå ein ung beundrar?

PHH: No kan du jo seie at brevet var ganske snørrhovent skrive, av ein gutunge! Men det belyser òg den opne kommunikasjonen mellom min generasjon og Hauge. På det tidspunktet hadde eg møtt Olav nokre gonger og fått ein tryggleik i forhold til han som gjorde det mogleg å seie desse tinga; dette var slikt eg ville ha skrive til ein ven i min eigen generasjon. Olav likte å ferdast med unge folk, det var helst der han ville vere. Me dyrka han ikkje – det trur eg han hadde vore ukomfortabel med – men me opplevde han som ein som ville i same retning som oss andre. Dyrkinga kom etterpå, og har med seg eit islett av norsk overvintra genidyrking, der du aller helst skal sitje på mosetuva og vere genial. Det var han ikkje – han var eit moderne menneske, som hadde lese mykje og var internasjonalt orientert.

IH: Er Hauge framleis til inspirasjon for deg?

PHH: Påverknaden frå Hauge er nok integrert, du har bygt han inn i ditt eige. Det er til dømes vanskeleg å tenkje seg mykje av den nynorske tonen, måten å artikulere visse ting på utan òg å tenkje på det eksemplet som Hauge er. Det er klart ein går vidare. Men der finst visse forfattarskap frå den generasjonen som ein alltid har med seg – som den nokolunde samtidige svenske forfattaren, Gunnar Ekelöf. Desse forfattarskapa vil halda fram med å vere der, uansett kanonlister og andre underlege forsøk på å setje ting i system; dei berre er der, udiskutable.

Foto

1. Olav H. Hauge. Utsnitt frå større bilete. (Foto: Jan Erik Vold / Ulvik lokalhistoriske arkiv)

2. Paal-Helge Haugen. (Foto: Gerald Zörner / J. W. Cappelens Forlag AS)

Ida Habbestad

er konsertprodusent, utøvande fløytist og deltidstilsett journalist i Ballade. Saman med Hild Borchrevink er ho òg redaktør for Griegjubileet sine heimesider, www.grieg07.no.

idahabbestad (at) mac.com

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007