|
|
|
|
|
|
|
Hauges liv og dikting
|
|
|
HAUGE, Olav Håkonson, 1908–1994. Forfattar. Fødd 18.08.1908, i Ulvik. Foreldre: Bonde Håkon Hauge (1877–1954) og Katrina Hakestad (1873–1975). Sambuar frå 1975 med Bodil Cappelen (1930–), gifte 1978.
|
av Idar Stegane
|
Hauge gjekk på privat mellomskule i Ulvik 1925–1926. Seinare gjekk han på Hjeltnes hagebruksskule i Ulvik (1927 og 1933–34). Han gjekk fire år i gartnarlære; 1930 på Noregs Landbrukshøgskule på Ås og 1931–1933 på Statens forsøksgard på Hermannsverk.
Hauge las mykje alt som barn og unggut. Han brukte folkebiblioteket flittig og var god ven med bibliotekaren, Magnus Hakestad, heimvend etter 37 år i Amerika. Han både lånte ut til og snakka med unge Olav om bøker og tidsskrift. Hakestad tinga også skrifter på engelsk, og Hauge fekk straks bruk for den engelsken han lærde på mellomskulen, også fordi han fekk tilsendt amerikansk litteratur frå morbroren, Edmund Hakestad (1885–1937), som budde i USA i mange år. Endefram kunnskap om eit liv utanfor heimbygda fekk han òg gjennom anleggsfolk, mellom andre far sin, som hadde vore arbeidsformann på Bergensbana før han gifte seg og vart gardbrukar i Ulvik. Levebrødet til Hauge var i mange år fruktdyrking på bruket kombinert med gartnararbeid i hagar kringom i bygda, m.a. ein god del i prestegarden, der han også samtala med presten og lånte bøker.
På mellomskulen hadde Hauge lært tysk. På eiga hand lærde han seg fransk, og dei tre framandspråka utvikla han kunnskap i gjennom lesing og etterkvart omsetjing av dikt.
|
|
|
|
Som lyrikar tok Hauge til i utkantane av den litterære institusjonen. Han debuterte med diktet "Slåttesong" i Gula Tidend 1927. Under opphaldet på Hermannsverk fekk han prenta eigne og omsette dikt i fleire aviser i Sogn. Han hadde dikt i For Bygd og By (Oslo 1912–32), Den 17de Mai, Norsk Tidend, Norsk Hagetidend og For bygd og by (Bergen 1940–1946). I debutboka Glør i oska (1946) kom nokre av dei eigne dikta med, men elles er det bortimot 50 eigne og omsette dikt frå denne tida som enno berre er prenta i slike publikasjonar og ikkje komne i bok.
Hauge hadde tidvis psykiske problem frå ungdomstida til opp i femtiårsalderen og var fleire gonger innlagd på Valen sjukehus. Som ung var han òg svært smålåten og tilbakehalden. Begge delar kan ha vore medverkande til at han debuterte med bok relativt seint, 38 år gammal, men hadde òg fått refusert eit manuskript sju år før, i 1939.
Etter debuten kom det nye bøker med eigne dikt kvart femte år til 1971. Åttande diktsamling, Janglestrå, kom som del av Dikt i samling 1980, og endeleg gav han saman med Bodil Cappelen ut biletboka ABC (1986) med eit rim til kvar bokstav i alfabetet. Hauge sine Dikt i samling har kome i seks utgåver 1972–1995. Det har også kome ein del mindre utval av dikta hans, også med eigne opplesingar på lydband og CD. Og det har kome utval på andre språk (engelsk, islandsk, svensk, ungarsk og spansk). I tillegg til eigne diktbøker gav Hauge frå 1967 ut ymse samlingar med omsette dikt, både antologiar og utval av einskildforfattarar, i alt sju bøker. Og han var medarbeidar i den store antologien Framande dikt frå fire tusen år (1968, red. av H. Kiran, S. Skard og H. Moren Vesaas) og i Robert Bly: Odin House, Madison, Minnesota. Utvalde dikt (1972, red. av O.M. Mæland).
Sjølv om han offentleggjorde mindre prosaartiklar, har Hauge vore rekna nesten som rein lyrikar. Men det er eit prosaverk som ruver mest i omfang. Då han døydde, viste det seg at han hadde skrive dagbok frå han var 15 år; i bokform utgjer dette fem tjukke band på ca 4000 sider, Dagbok 1924– 1994 (2000). Det er i omfang det største litterære dagboksverk på norsk. Hauge var også ein flittig brevskrivar. Breva hans til Jan Erik Vold (Under Hauges ord, 1994, ny utg. 1996) og Bodil Cappelen (Brev 1970–1975, 1996) er utgivne.
|
|
|
|
Dikta til Hauge viser frå første stund ein dobbel bakgrunn. På den eine sida har stoff og biletspråk heilt klårt utgangspunkt i bygdelivet og naturen i eigne dikt. Samstundes kjem det fram ei omfattande interesse for litteratur som alt tidleg viser seg i omsetjingsforsøk både av tilfeldige mindre kjende engelskspråklege forfattarar og av store namn i engelsk tradisjon med namn som William Shakespeare og Robert Browning. Den tidlege kontakten med det engelskspråklege er ikkje minst inspirert av brev og bøker frå morbroren i Amerika. I debutboka viser det seg intertekstuelle samband både til norsk og engelsk romantisk dikting.
Både ope og meir indirekte finst det mønster av dialog og samvær med eldre og stundom samtidig lyrikk og annan litteratur og kunstkultur gjennom heile forfattarskapen i eigne dikt.
Utsegnene om dikting endrar seg. I 1946 ("Song til stormen" og 1951 ("Til Shelley") er dei klårt merkte av ein religiøst farga, idealistisk språkbruk. Seinare er språktonen annleis. I 1966 handlar det om å knyte diktekunsten til ein meir nær og intim menneskeleg og arbeidsorientert og friare praksis, av og til morosamt, halvt ironisk formulert: "Kan du gjera eit vers / som ein bonde tykkjer mun i, / skal du vera fornøgd. / Ein smed vert du aldri klok på. / Verst å gjera til lags er ein snikkar." ("Vers".) Seinare er talen meir dempa, til dels (sjølv)ironisk, til dels vemodig: "Frå morgonar for lenge sidan / slær gleda veikt på sitt koparskjold." ("I natt har graset vorte grønt", 1971); "…og eg syng. / Sorg er krafts uppkome" ("Upp gjenom elvedalen", 1980).
I Glør i oska er den ytre diktforma oftast heilt tradisjonell, med strofer og enderim og heller fast metrum. Det frie verset kjem med for alvor frå 1951 (Under bergfallet). I dagboka gir Hauge uttrykk for skepsis mot tradisjonelle former i den forstand at han synest bunden form kan gå på kostnad av det poetiske. Han gir likevel ikkje opp verken strofa eller rimet som retoriske middel. Men det er karakteristisk at bortsett frå sonetta, som finst i heile produksjonen, vel han enklare og mindre faste strofer.
|
|
|
|
Dei unge forfattarane i ”Profil-gruppa” seint i 1960-åra framheva Hauge som ein eldre yrkesbror dei såg opp til. Dei la stor vekt på at biletspråket var endeframt og sansenært. Den boka av Hauge, der slik lesemåte høver aller best, Dropar i austavind, kom i 1966, nettopp i den aktuelle tida. Boka hadde også klåre formuleringar om dikting som peika i same retning: "eit godt dikt skal lukta av te / eller av rå mold og nykløyvd ved" ("Eg har tri dikt"), og "etter strevet kan du steikja flesk og lesa kinesiske vers" ("Kvardag"). Tilvisinga til det kinesiske er ikkje tilfeldig; Hauge vart etterkvart særskilt oppteken av det einfelte i klassisk kinesisk poesi, og det viser seg særleg i fleire dikt i dei tre bøkene frå 1961 til 1971.
Det dialogiske hos Hauge går vidt litteraturhistorisk. Når han i dei tre siste diktsamlingane omtalar eller spelar intertekstuelt mot andre diktarar, er det like gjerne både førromantikk, både klassisk europeisk, klassiske kinesiske poetar, norrøne dikt, romantisk lyrikk og etterromantiske europeiske modernistar.
Eit liknande dialogisk mangfald finst i omsette dikt. Dette er eit stort felt i Hauge sin lyriske produksjon. Dikt i umsetjing er i siste utgåva (1992) mest likså omfattande som hans eigne Dikt i samling.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Foto |
|
|
|
1. Olav H. Hauge (Foto: Scanpix / Line Møller)
2. Olav H. Hauge (Foto: Privat)
3. Framsida til Seint rodnar skog i djuvet frå 1956. (Foto: Ulvik lokalhistoriske arkiv)
4. Olav H. Hauge. Utsnitt. (Foto: Jens Haukaas / Ulvik lokalhistoriske arkiv)
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|