|
|
|
|
|
|
|
Arbeidsoppgåver om Olav H. Hauge
|
|
|
I høve Hauge-Tveitt-jubileet '08 er det blitt laga nokre oppgåver om Olav H. Hauge og diktinga hans. Desse oppgåvene er til fri bruk i undervisningsopplegg for elevar i ungdomskulen.
|
|
av Arne Risnes, ungdomskulelærar i Lindås kommune
|
|
|
Forfattarportrett
Lag eit forfattarportrett av Olav H. Hauge der du mellom anna legg vekt på:
- Forfattaren sin oppvekst. Kvar er han fødd, kvar voks han opp og eventuelt spesielle hendingar i oppveksten. Kva med skulegongen og hendingar seinare i livet? Kva det hadde å seie for han å bu i Hardanger? - Diktinga - Kva er Hauge kjend for som diktar? - Bibliografi - Eit oversyn over diktsamlingane hans.
Olav H. Hauge - bli kjend med han gjennom dikta
- Vel deg eitt eller fleire av dikta hans og tolk det/dei. Du kan finne fram til rytme og rimskjema og strofeinndeling. Er der fleire strofar? Forsøk til sist å finne fram til ei rimeleg tolking av diktet - kva kan det tyde?
- Hauge er kjend som ein av dei fremste modernistane i Noreg. Kva går modernismen i lyrikken ut på?
Deg sjølv og Hauge som diktlesarar
- Ta for deg Dikt i samling av Hauge og finn fram til tre dikt. Øv godt på å lese og framføre dikta. Før dei fram for andre elevar eller klassen. - Ta kontakt med Det Norske Samlaget og finn ut om Hauge framførte dikta sine. Korleis var han som diktlesar og som person? Du kan eventuelt også kontakte Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar ved Universitetet i Bergen.
Deg sjølv som diktar
- Les på nytt i diktsamlinga av Hauge. Kan du lage slike dikt? Prøv deg fram. - Framfør dikta dine til andre i klassen. - Skriv dei fint for hand og lag diktutstilling. Du kan gjerne illustrere.
Faktafilar
- Lag eit oversyn over rimskjema (læraren/Internett hjelper deg med stoff) - Lag eit oversyn over dei viktigaste rytmemønstra (læraren/Internett hjelper deg med stoff) - Kor mange andre nynorske lyrikarar kjenner du, utan å bruke oppslagsverk, namnet på? - Bruk deretter litteraturhistoria og finn fram til så mange lyrikarar du kan som har brukt nynorsk skriftspråk. - Gruppér lyrikarane i litterære periodar. - Kva var kjenneteikna for kvar periode?
Sjangerkunnskapar
- Kva kjenneteiknar eit dikt?
Einskilddikt
Når det gjeld å gje seg i kast med einskilddikt, vil det vere mange meiningar om kva som er klokt, høveleg eller føremålstenleg. Lyrikk er meiningar og stemningar som er tett på mellom anna forteljingar. Dei kan dessutan også tolkast og forståast, berre opplevast av lesarar - eller alt dette på ein gong.
Velj eitt av dikta nedanfor. Les dei og forklar deretter innhaldet til sidemannen din.
Velj mellom: "Eg ser yver ljårne fyre slåtten", "Gjer ein annan mann ei beine", "Vegvalsen", "Katten og Sagi".
Les dei. Korleis vil du forklare innhaldet i dei til sidemannen din?
Ordbok
Nokre av orda i Hauge sine dikt er vanskeleg å forstå. Derfor er det laga ein ordbok til dikta. Du finn ordboka her.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Foto: |
|
|
|
1. iStockphoto.com
2. Jan Erik Vold
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta. |
|
|
|
|
|
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|