FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 


Glede, lykke og poesi - Haugeseminar, del 4


Av Helge Torvund



I psykologien har ein eigentleg òg tradisjon for å skapa ei negativ verd, i den forstand at ein har vore oppteken av problem, konfliktar, depresjon, manglande kommunikasjon, sjukdom, hemningar, fobiar og angst. Lykke og glede har vore like lite populært innan psykologifaget som hjå moderne poetar.

Den amerikanske psykologen Martin Seligman vart også karakteristisk nok kjent for sine teoriar om «lært hjelpeløyse», der han skildra korleis menneske på institusjonar og i andre samanhengar kunne verta sosialiserte til å oppfatta seg sjølv som makteslause brikker i eit spel som andre spelar, og enda med å framstå som hjelpelause. Dette var ein svært nyttig teori for å forstå meir av kommunikasjonen og samhandlinga når det galdt menneske som var passive og hadde eit lågt sjølvbilete. Seligman gjorde karriere innan amerikansk psykologi og fekk leiande posisjonar.

Men så skjedde det noko i livet til Seligman. Ein dag han var ute og lukte i eit bed i hagen, hadde han med seg den vesle dottera på fem år, Nikki. Seligman var ein målmedviten ugraslukar, og han innrømmer sjølv at fordi om han hadde skrive artiklar og ei heil bok om barn, så var han ikkje spesielt flink med dei. Han sette i gang med plan og orden, og lukte seg systematisk frå ein ende mot ein annan. Som han seier sjølv: Når eg luker i hagen, då luker eg. Nikki lukte derimot på ein ganske annan måte. Ho kasta ugraset i lufta med dansande rørsler og song samstundes. Dette distraherte den alvorlege lukaren såpass, at han gav Nikki beskjed om å gå ein anna plass å leika. Det gjorde ho, men etter ei lita stund kom ho tilbake.
- Pappa, det er noko eg må fortelja deg.
- Ja, Nikki?
- Ok, pappa. Hugsar du korleis det var før eg vart fem? Frå eg var tre år til eg fylte fem var eg ein sutrekopp. Eg sutra kvar einaste dag. På femårsdagen min bestemte eg meg for at eg skulle slutta med sutringa. Det er det vanskelegaste eg nokon gong har gjort. Og viss eg kunne halda opp med å sutra, kan du òg slutta å vera så sur.¹

Frå denne augneblinken fokuserte psykologen Seligman på kva det er som kan identifisera og forsterka ressursar hjå folk og hjelpa dei til å finna måtar der dei kan leva ut sine positive eigenskapar. Han vart grunnleggjaren av det som kom til å få namnet Positiv psykologi og skreiv etter kvart ei bok som heiter Lært optimisme. Hauge skriv i dagboka: «Lat oss ikkje vill-leida! Ånd er heilskap, glede, styrke, mod, det veit me. Og det er på den diktaren skal rida. På glede, viljeglede.»² Viljeglede. Det er eit flott ord som eg trur Seligman hadde hatt sansen for. Nokre av drivkreftene bak den positive psykologien til Seligman, er at ein opplever meining i den grad ein klarer å knyta seg opp til noko større, til ei verd utanfor den konkrete kvardagen som omgjev ein. I tillegg har ein funne at ei varm og positiv innstilling, i motsetnad til ei kjølig og negativ, vil gjera det lettare å tenkja tankar som er kreative, tolerante, generøse, imøtekomande og inkluderande. Nevrologisk ser det ut til at positiv tenking går føre seg i andre delar av hjernen og at dei kan ha ei noko anna nevrokjemisk samansetning enn negative tankar. Det mentale apparatet vårt er, når me har ei varm og  positiv haldning, ekspansivt og ope for nye idear og nye erfaringar. Og at det er ting her som avgjort kan vera gode å ha med seg også når ein skal skriva dikt, nemner Seligman eksplisitt.

Eit tankeeksperiment ein kan gjera seg, er korleis ting kunne vore annleis om Hauge anten hadde vakse opp i ein kultur der sjamanisme og åndereiser var ein integrert del av det ålmenne, eller om han hadde vorte møtte av ei heilt anna handsaming på institusjonen han kom på. Hauge har uttalt seg svært kritisk til den «nyare» behandlinga i psykiatrien, det vil seia den som kom etter dei første innleggingane, og som dreidde seg om medisinering og lobotomering. Likevel har han sagt i ein samtale med Olav Vesaas, at behandlinga han sjølv fekk, var «mat og juling»³. Men me veit at behandlinga for hans del etter kvart inkluderte ei lang rekkje elektrosjokk. Korleis det ville vore om han hadde vorte møtt med det me gjerne vil sjå som ei meir human tilnærming til den tilstanden han var i, kanskje med element av poesiterapi, i samarbeid med andre fagfolk, slik Karen Chase jobba, der han kunne nytta skriveevna til å bearbeida desse opplevingane, er ikkje godt å vita.

Når eg spekulerer kring dette, tyder det ikkje at eg ikkje er nøgd med dei fantastiske dikta me har att etter Olav H. Hauge. Tankane går vel meir i retning av korleis ein kan verta mindre utstøytt og mindre einsam med slike erfaringar. Hauge er varsam med å nemna korleis dette har verka inn på dikta. Og han held nok att litt i dagboka òg. Om det å skriva dagbok skriv han i eit tilbakeblikk: «Dessutan har eg aldri hatt mod til å skriva nakne sanningi um meg sjølv og hine, til det er eg for bunden av skikk og sed vanlege folk imillom. Dette veit eg godt, har visst det sidan eg var ung.»4 Han røper elles i eit notat i dagboka at linja «I den svimlande blå himmelklokka» i diktet «Eg dreg ifrå glaset»5 frå hans side er meint å skildra nettopp dei kosmiske opplevingane eit menneske kan ha, og at den neste linja: «Ritar morgonmånen med hard nagl» handlar om dei krava verda stiller til oss i kvardagen.

Hadde Hauge vakse opp i ein kultur der det var forståing og tradisjon  for sjamanistisk dikting og åndelege opplevingar av den typen han skildrar, ville han som ung mann ha møtt eldre menneske med liknande erfaringar som dei han vart kasta ut i, og dei kunne ha hjelpt han til auka forståing av fenomena, sett dei inn i ei ramme og det ville kunna ha redusert angsten. Samstundes ville slike opplevingar ha auka statusen i lokalsamfunnet i staden for å gjera han til ein isolert mann.
Skal me verkeleg la tanken få boltra seg, så går det an å tenkja seg at me då kunne hatt ein tilleggsskatt av ekstatisk dikting som førte linja frå Nygard og Aukrust vidare?

Hauge si Dikt i samling er det me har. Me les og gler oss. Poesien lever og får oss til å samla oss i grupper og snakka om det rare som denne boka uttrykkjer. Ja me held til og med seminar om det.

Eg sluttar av denne innsirklinga av «poesiens glade bodskap», med å visa til nokre poetiske uttrykk for glede og lykke, slik eg har funne dei hjå framståande poetar. Og eg opnar med å trekkja fram eit par døme til frå Hauge sin produksjon:

EG LYT FINNA PÅ NOKO GALE

Gleda vart for stor,
kjelen held på og syd yver,
Eine vektarmen peikar til himmels!
eg lyt finna på noko gale,
slå kaldt vatn på kjelen,
hengja ein stein på vekti,
hogga den største fura eg har.


I NATT HAR GRASET VORTE GRØNT.

I natt har graset vorte grønt.
Ein fugl freistar å syngja,
skodda ris,
og soli kjem yver snøfjelli.
Frå morgonar for lenge sidan
slær gleda veikt på sitt koparskjold.

Hjå Nobelprisvinnaren Czesław Miłosz finst det mange sterke skildringar av sterk glede og lykke. Her er eit dikt eg er særskilt glad i, og som viser eit slektsap mellom den litauiske eksilpoeten sine erfaringar i California, og gartnaren i Hardanger:

GÅVA

Ein dag så full av lykke
Arbeidde i hagen, skodda letta tidleg.
Kolibriane stod stille over kaprifolblomane.
Det fanst på jorda ikkje ein einaste ting eg ville eiga.
Eg visste ikkje om noko som var verdt å misunna.
Det vonde som hadde hendt, hadde eg gløymt.
Skjemdest ikkje for tanken på å vera den eg alltid har vore.
Kjende ingen smerte i kroppen.
Når eg retta på ryggen, såg eg blått hav og segl.6

Høyrer de nokon gong på visesongaren Jackie Leven, kan de verta overraska av at han i slutten av songen ”Working Alone”, frå albumet The Forbidden Songs of the Dying West brått tek til å seia fram eit dikt. Det er diktet ”A Blessing” av James Wright. Eg har prøvd å laga ein norsk versjon til denne artikkelen, og lar den få avslutta denne svingen innom gleda og lykka i poesien.

EI SIGNING

Like ved motorvegen til Rochester, Minnesota,
månelyset hoppar mjukt fram over graset.
og augo til dei to indianarponniane
mørknar av glede.
Dei har fredeleg kome frå piletrea
for å ønskja min venn og meg velkomne.
Me stig over piggtrådgjerdet og ut på jordet
der dei har beita heile dagen, aleine.
Dei beveger seg utålmodig, dei kan vanskeleg halda igjen den lykka dei kjenner
ved at me er komne.
Dei bøyer seg blygt som våte svaner. Dei elskar kvarandre.
Det finst inga einsemd som liknar deira.
Heime igjen.
Dei byrjar beite på dei unge tuene av vår i mørkret,
Eg vil gjerne halde den slankaste av dei i armane mine,
for ho har kome bort til meg
og rører den venstre handa mi med mulen.
Ho er svart og kvit,
manen fell vilter på pannen hennar,
Og den lette brisen får meg til å kjærteikna dei lange øyro
som er mjuke som huda på handleddet til ei jente.
Brått innser eg
at om eg steig ut av kroppen min ville eg springa ut
og bløma.7


Fram 1 2 3 4 Tilbake

Fotnotar

1Soga er omtala i Martin Seligman: ”Ekte lykke. Positiv psykologi i praksis”, Aschehoug 2007.
2Band II, s. 567
3Mange synsvinklar kan sjølvsagt førast i marka omkring dette med innsyn i eiga liding og det som har vorte kalla Hauge si romantisering av sjukdommen. Ein vil finna at psykiatrien er kjend med at det i første fase av ein schizofren periode, ofte vil vera euforiske tilstandar. Eg tykkjer uansett at det i ein slik samanheng som dette er rett å la Hauge si eiga stemme koma til orde. Men i dagbøkene er hauge menneskeleg og skriftande. Den eine dagen kan han vera begeistra for Laing og antipsykiatrien, for så neste dag å skriva at boka til Laing er bare forvirrande. Men etter å ha lese fleire bøker som skildrar schizoide tilstandar, skriv han om desse skildringane i dagboka: ”…dei er so syrgjelege, so fæle. So grå! Er det no alltid tilfelle? Nei. Det kan òg vera sæle, herlege draumar, syner, ja radt yverjordiske tilstandar slike lever i! Kor lite dei kloke veit!
Seg alltid synast synd på dei sokalla sinnssjuke? Dei skulde berre vita! Galne folk har det ofte godt. Naturi har òg sytt for det. Ho har det. Tru meg!” Band III. s. 304
4Band V, s. 107
5Frå ”På Ørnetuva”, 1961
6Til norsk ved artikkelforfattaren.
7Diktet har eg omsett frå boka Complete Poems. Då denne teksten vart framført på Litteraturhuset vart eg oppfordra til å lesa eit av mine eigne dikt om glede òg. Eg valde då ”Lyset” frå ”Alt er høy”.

 

 

Foto

1. Olav H. Hauge
2. Helge Torvund (Foto: Morten Brun, Det Norske Samlaget)

 

 

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007