FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

 Glede, lykke og poesi - Haugeseminar, del 3


Av Helge Torvund

HT: Men det må då ha vore svært vanskeleg og vondt å oppleva slike sterke og opprivande ting når du var så ung?

OHH: Åndsens liv er høge og store ting, og vanskeleg er den vegen når du skal ta deg fram åleine utan ei fast hand frå ungdommen av. Falli vert mange, og du når ikkje dit du skal, vert ikkje den du skulde. Berre ein skugge, eit rengjebilete.

Gufsen, susen og stormane som fylgjer alt dette, kan vera so sterke at det kjennest som om du skal blesast burt som eit lauvblad, det lyser blått gjennom romet, etter golv, tak og vegger eller yvi marki, sjøen, fjelli og himmelen dersom du er ute. Ofte må du hogga deg tak for ikkje å fylgja med, hogga fingrane i grastustar…

HT: Du har ein stad skrive «Det var ikkje i myrkret eg gjekk meg vill, men i dagen. I myrkret – eg har vore der òg – fekk eg atter sjå stjernone.»¹ Men du legg fleire stader vekt på at det er vanskeleg å finna vegen i mørkret, og at ein lett kan verta forvirra?

OHH: Ein skal ikkje lata seg forvirra. Mykje av det me kallar sinnssjukdom er nett slik forvirring. Då eg for alvor for fyrste gong – eg var 25 år – kom inn i ein ovleg åndsens storm, var eg i skral fysisk form, attåt vanta eg sjølvdisiplin, og let meg forvirra – eg skal elles ikkje nekta reint ”mental derangement”.

HT: Samstundes opplever eg det slik at du såg ein samanheng mellom desse opplevingane og dei opplevingane mystikarane har, ja òg dei store poetiske genia?

OHH: Det poetiske genius skal røra seg i ein annan dimensjon enn kvardagssansane. Men, når han brått tek yver leidingi, kan du lett missa styringi, ser det ut for andre då. Det var ulukka for meg. Eg vart med andene brått rykte upp, so eg vart fortulla eller ør, som dei gamle sa. Upp i ein annan heim, og so fortulla, der er forklåringi eg kan gjeva. Glansen der, utsynene, flogferdene klotar imillom, røystene, ekstasen, alt gjorde meg ør. Eg tolde det ikkje. Difor uhugen til å tala um det eventyret. Men veldig var det! (…) Vel kan sæla vera yver all forstand, men likevel skræmeleg. Å vera snart i Eden, snart i Valhall, snart eit pust, snart som eit èk og ei iding under jord, snart draga på daude dyr – for dei finst til dei òg.
Å sigla klotar imillom er vanleg, gjesta fjerre gudeheimar.

Mange ferdast på jord, i himmel, i helvite, men har dei kompass? Det er spursmålet.

HT: Ja, det kan ein spørja om. Men nå skulle temaet eigentleg vera glede og lykke, så lat oss venda tilbake til det. Har du opplevd noko glede ved det å skriva dikt?

OHH: Lag eit vers fyrr du gjeng ut um morgonen, og fjelli og fjorden møter deg med meir samhug og ljosare.

HT: Ja, nett det minner meg om eit av dikta dine:

OHH:
I dag kjende eg
at eg hadde laga eit godt dikt.
fuglane kvitra i hagen då eg kom ut,
og soli stod blid yver Bergahaugane.²

Handi vert glad sume tider – når ho har noko som er verdt å rita ned, det er slik når ho har noko å gjeva òg. Sume tider kjenner du ho fær venger.

HT: Har du nokre råd til andre som skal skriva dikt, laga eit vers?

OHH: Det veit ingen korleis dei dikta som er ugjorde, skal vera.

HT: Men om eg spurte kva du sjølv tenkjer, kva kunne du seia var viktig å tenkja på?

OHH:
Merk deg dette!
Spør ikkje etter
turre tankar,
rett utførde i dikt,
sjå etter animalsk liv!

Spenning,
kraft,
elektriske ord!

HT: Eg trur me sluttar av denne praten med eit dikt du har skrive om gleda ved det å skriva. Og her tykkjer i alle fall eg at den gleda du skildrar like gjerne måtte kunna kallast lykke.

OHH:
Den gamle diktaren har laga eit vers.
Og han er glad, glad som ei siderflaske
når ho um våren har sendt
ei buble frisk kolsyre upp
og er um å sprengja korken.³


*

Om ikkje anna bør denne fiktive samtalen visa korleis ein kvar kan setja ting inn i ein ny samanheng og få fram noko av det resultatet han eller ho måtte vera ute etter.

Trass alt det kloke og gjennomtenkte Hauge kan seia og forklara oss om dikting, det gåtefulle ved poesien varer heldigvis ved. Kvifor tek me til å skriva? Kvifor har menneske i alle tider laga ting som minner om dikt? Korleis var byrjinga for Hauge sjølv? Jau, han skriv ein stad i dagboka om korleis det var når det aller første diktet vart til:

Det var ein sundag. Eg kunde vel vera ein 12 år gamal. Det var tett fyre jol. Eg hugsar det snjoa. Folki mine var til kyrkje. Stova var fjelga til helgi, og det brann i omnen. Det var so hyggjeleg inne, det tykte eg. Eg kom nett inn frå kjøken, det var kaldare der. Då eg kom inn, hugsar eg at det fauk ein fugl imot ruta, og pikka på henne. Han kom or snofjoket, og vilde gjerne inn – i alle fall tykte eg det. Då laga eg mitt fyrste dikt – um fuglen som kom og pikka på ruta og vilde inn.
Lenge var dette det beste diktet mitt, og eg hugsar enno kor sæl eg var då eg fekk det til.
Rima hadde ikkje eg lært då, det lærde eg fyrst seinare, og ikkje visste eg noko um rytme og meter heller, men eg lika no ein gong vers, eg tykte det var ein merkjeleg klang og musikk i dei.

Kva var det som sette den unge gutten i gang med å skriva. Kva gjorde at han skreiv det første diktet sitt? Heime aleine høyrer og ser han ein fugl som pikkar på vindauget. Dette får han til å skriva sitt første vers. Ei lita sjel som er utanfor og pikkar på og vil inn? Var det noko i dette som slo an tonar av noko gjenkjenneleg. Me veit at han hadde lese og likt dikt. Men det er mange som har lese dikt og sett fuglar pikka på eit vindauge som ikkje skriv dikt. Dette får me aldri eintydige svar på. Alle som skriv har jo byrja ein gong, og det er heilt sikkert mange ulike grunnar. Det var vel Ragnar Hovland som sa at han byrja skriva av same grunn som andre byrja spela gitar; han tenkte han kunne få seg kvinnfolk på den måten. Ja, ja. Kanskje kan me seia at Olav H. Hauge lykkast med nett det. Men me ville kanskje tilrå metodar som tek noko mindre tid?

William James er ein av psykologiens grand old men. Hauge skriv ein stad4 at det er to psykologar som er verdt å lesa, det er James og Jung. «Det andre er berre tøv
Og nett William James har ein gong formulert seg slik om bakgrunnen for menneskeleg åtferd: «Korleis ein skal oppnå, halda fast ved og få tilbake lykkekjensla er faktisk for dei fleste menneske til alle tider eit skjult motiv for alt dei gjer og for alt dei er villige til å halda ut.»

Kan poesien vera driven av dette motivet? Skriv me for å verta lykkelege? Eller for å få det betre, for å ikkje ta så veldig i. Lykke og glede er vanlegvis svært flyktige kjensler. Sjølv om mykje tyder på at me kan heva vårt generelle velvære gjennom læring og systematisk jobbing med dette, så er slike peak experiences likevel flyktige. Dei kjem helst spontant og når me minst ventar det. I si dagbok skreiv den finske poeten Pentti Saarikoski:

Eg liker ikkje folk. Eg er ikkje overlegen, tvert imot kjenner eg meg ufullkomen, skadd…Eg sov ikkje godt i natt heller, men likevel har dagen gått bra. Då eg gjekk oppover bakken for å henta Anna i barnehagen, kjende eg meg uforklarleg lett og lykkeleg. Vêret var vårleg, sølepyttar i vegen, sola skein. Eg trong ikkje vera redd for nokon ting, etter all redsle og ubehag fekk eg oppleva ein fred, som var å verta rørt ved av æva; kva tyder vel mine små suter og sorger? Eg var lys og luft, grantrea sin klare grønfarge, utan breidde eller grense, alle tider og plassar og tankar. Dei døde gudane andar igjen.5

Men sjølv om det er flyktige augneblinkar av lykke, så er jo likevel dei positive opplevingane viktige for oss. Kanskje er det paradoksalt nok slik, at evna til å vera open for desse, kan verta noko redusert med alderen, nett på grunn av bitterheit over at det vert så lite av dei. Ein kan utvikla kynisme og ironi som effektive våpen i eit forsvar mot ei verd der ein tykkjer det er lite å gleda seg over. Ein kan enda i eit gjennomgåande bittert stemningsleie. Og sidan me langt på veg skapar vår eiga verd, og opplevinga av denne, kan me seia at både optimisten og pessimisten har ein tendens til å få rett.


Fram 1 2 3 4 Tilbake

 Fotnotar

¹Dagbøkene, band I, s700
²Frå ”Dropar i austavind”, 1966
³Frå ”Spør vinden” , 1971
4Band I, s. 626
5Kervo, mars –74. Sitert etter Hannu Salama si bok ”Pentti Saarikoski”, Stockholm 1975.

 

 

Foto

1. Olav H. Hauge
2. Helge Torvund (Foto: Morten Brun, Det Norske Samlaget)

 

 

 

 

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007