Det var sterkt å oppleve korleis tekstane og musikken endra seg gjennom heile turneen, og heldt fram med å utfordre oss. Korleis musikken og tekstane vart tatt imot i slummen i Bhopal, India, på skulekonsert i Kathmandu, Nepal, Litteratursenteret i Seoul, Korea, Universitetet i Lanzhou, Kina, Konservatoriet på Zanzibar, Tanzania og ikkje minst møte med musikarane og studentane frå fem ulike universitet i Sri Lanka. Dette er møte vi kjem til å ta med oss vidare.
Vi vil takke HT08, Dei Nynorske Festspela, Norsk Kulturråd, MIC, Den Norske Ambassade i Beijing, Rikskonsertene, Oslo kommune, Sparebank Vest og FFLB for at de var med og gjere dette prosjektet moleg. Det er utruleg kva ein kan få til når ein får lov til å jobbe med folk som torer og vil.
For meir informasjon om "Seven winds" sjå www.myspace.com/eldenhauge
Helsing Unni Løvlid
|