FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

akeldama - dølen

A

akeldama, sernamn (dikttittel; og reidde for skuldi, av Herrens jord, / vår ungdom eit Akeldama; «For bygd og by» 1945, Nr. 8, s. 14; fotnote med tydingi blodåkeren; namnet er teke or Bibelen, der i formi Hakeldama med H-, Apostelgjerningane 1. kapitlet, vers 19).

alde, f. (Og Per som var kunnig, fortalde / at slikt var ei sykje på alde, «Hjeltnes» 1941, s. 68; Ute står blømande / angande alde, «Glør –» s. 79; Millom alde ruvar stuven, «Hjeltnes» 1991, s. 7; Aasen 1873 alda, f. 2, frå Hardanger, og Norsk Ordbok I 1966 har II alde frå Hardanger og Voss i tydingi frukt; serleg frukt av (odla) tre (t.d. eple og kirsebær); i Ulvik no berre i eldre mål; mi utspørjing hausten 1995).

aldebygd, f. (aldebygdi søv, «Glør –» s. 32; tydingi er bygd med alde, fruktbygd).

aldegard, m. (Regn og haustvind ruskar i tre uti aldegarden «Glør –» s. 44; Aasen 1873 aldegard frå Hardanger, med -u-, men sms. har -e- i Ulvik; tydingi er frukthage; sjå òg -hage).

aldehage, m. (kvite aldehagar / skin fagert som i dine barnedagar,«Hjeltnes» 1941, s. 3; Aasen 1873 aldehage under aldegard; tydingi er frukthage; uttalen er al2deha±je i Ulvik, no berre i eldre mål; mi utspørjing hausten 1995).

aldeskog, m. (Grå gardar ligg i aldeskogen, «Hjeltnes» 1941, s. 4; etter Norsk Ordbok I 1966 mest poetisk, i tydingi skog av frukttre).

aldrug, adj. (Kvernfossen kved / som fyrr med aldrug tunge, «For bygd og by» 1943, Nr. 12, s. 12; Aasen 1873 aldrig, og aldrug, i tydingi som er noko uti åri, aldrande).

andgjeglast, v. (Elles har dei no høve til å andgjeglast i det nye medlemsbladet, «Brev 1970-1975» 1996, s. 78; Aasen 1873 frå Sunn- og Nordhordland og Helgeland, Ross 1895 frå Ryfylke, Hardanger, Sunnfjord, i Norsk Ordbok I 1966 frå Nordfjord òg, i tydingi seia kvarandre imot, kjekla(st), tretta).

attar, adv. (Einkvan søv attar i huset mitt, «Dikt i umsetj.»1992, s. 143; Norsk Ordbok I 1966 i tydingi bak (B1), på eller i bakre luten (av noko)).

atterdrepe, f. (Nei, / berre sus av atterdrepor, «Dikt i saml.» 1993, s. 45; Aasen 1873 atterdrepa frå Hardanger, i tydingi atterkast, Ross 1895 i formi attrdrebba frå Sunnhordland).

audmykt, f. (seg [sei] trui audmykt treng, «Gula Tidend» 20. jan. 1933, i eit omsett dikt; han [profeten] lærer plikt og audmykt, «For bygd og by» 1942, Nr. 8, s. 1; Audmykt er ikkje lært / i bråvenda, «Under b.» s. 33; Aasen 1873 audmykt, f. under audmjuk, adj.; tydingi er det å vera audmjuk, kravlaus, spak).

audn, f. (fagre songar bygde slott i audni fri, «For Bygd og By» 1932, s. 100, i eit omsett dikt; Aasen 1873 audn, f. (1) og Norsk Ordbok I 1966 I audn i tydingi aud, utbygd stad; òg øydemark).

auga, n. (der augo kan brjota / umsider, «Seint r.–» s. 45; fotnote med tydingi knupp, same s.; vanl. tyding etter Norsk Ordbok I 1966 4e; attåt dei andre tydingane av auga).

aurgryvl, truleg n. (Lauvsmòd og furetoll / roar seg i aurgryvl, «Glør –» s. 40, fotnote med tydingi samanrota aur og stein s. 41; jamfør gryvle, n. hjå Aasen 1873 i tydingi djup utholing i bekk eller elv, frå Numedal, og Ross 1895 tyding 1 steinet, ujamn stad, frå Hallingdal).

avlaus, adj. skrive ålaus (men fann ikkje ei som ho tykte var ålaus, «Glør –» s. 65, om ei udle; fotnote same s. med «ålaus: avlaus»; tydingi er som ikkje er oppteken; ledig, til overs, sjå Norsk Ordbok I 1966 tyding 1a og b; ordet er velkjent i Ulvik: ho E ao2lEus, med same tydingi, etter Marita Branstveit).

avåt, n. (Og truleg laut avåtet te –, «Hjeltnes» 1941, s. 69; tydingi er smådyr, insekt og krek som gjer skade på vokstrar eller levande skapningar, Norsk Ordbok I 1966 tyding 4).

B

baksølt, adj. (Han sat der i ein baksølt brunn, «På Ørnet.-» s. 28; fotnote same s. med tydingi solskugge; Aasen 1873 i tydingi som vender frå soli, hallar mot nord; Ross 1895 har baksøylt frå Hardanger).

-bard, n. sjå kjeldebard.

barsok, f. (i midten av april og kring Barsok, «Norsk Hagetidend» 1942, s. 62; merkedag 24. aug. (etter den heilage Bartholomeus), Norsk Ordbok I 1966).

-bauk, m. sjå moldvarpbauk.

beinast v. [misprent] sjå bisnast.

belarbljug, adj. (Yver linor harde / dreg belar-bljuge smil, «Hjeltnes» 1941, s. 4; bljug, blyg som ein belar, friar; denne sms. står ikkje i ordbøkene).

berrsyn, f. (huset kom meir / i berrsyni, «Spør v.» s.17, på ei line i «Hjeltnes» 1971, s. 41; Aasen 1873 i tydingi stode der ein ting er lett å sjå, frå Nordhordland og fleire, Norsk Ordbok I 1966 frå Sunnhordland òg).

bert, adj. n. (av berr), nytta som adv. (seg [sei] lovi er bert skammi, i eit omsett dikt, «Gula Tidend» 20. jan. 1933, s. 5; Aasen 1873 bert, adv. og Norsk Ordbok I 1966 på berr tyding 3 c med tydingi berre frå Sunn- og Nordhordland).

betal, n. (Og han var raust / og baud betal, «Seint r.– » s. 32; Aasen 1873 betal, under betala v., frå Hardanger og fleire, og Norsk Ordbok I 1966 har ordet frå både Hardanger og Voss).

bin, n. (so sjølvklok, de’r eit bin; i eit omsett dikt i «Gula Tidend» 20. jan. 1933, s. 5; tydingi er noko merkeleg; sersyn, vedunder, frå Voss, Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre, etter Norsk Ordbok I 1966).

bing, m. (eg grev i bås og bing, «Glør –» s. 92; Aasen 1873 i tyding 1 stor kasse fest til veggen, eller tyding 2 avdelt rom i fjøs, for sauer eller geiter).

bisnast, v. (me beinast yver mauren, «Gula Tidend» 10. mai 1939, s. 4; formi er eit misprent for bisnast, skriv Hauge i brev 22. mars 1994; Aasen 1873 bisnastbisna; tydingi er undrast, vera nyfiken, glana, glo etter Norsk Ordbok I 1966).

 bjørnserv, f. i målf.-formi bjønnservæ, bundi form eintal (Dar hadde /...../ bjønnservæ holer og hi, «Glør –» s. 86, med fotnote på same s. i tydingi jerv; Aasen 1873 m. med tilvising til jarv, der me finn erv, og «Bjønns-erv» frå Voss, Nordhordland og fleire, medan Norsk Ordbok I 1966 gjev opp denne tydingi frå Hl (= Hordaland), og -erve f. or eldre kjeldor frå Hardanger).

-blag, n. sjå nordljos-blag.

-blik, n. sjå sæleblik, vindblik.

blika, v. skrive bleka (Frostblå blekar dagen, «For bygd og by» Jol 1941, s. 46; tydingi er vera bleik eller kvit å sjå til, Norsk Ordbok I 1966).

blikra, v. (sa ospi, og blikra / ved led, «Dropar –» s.63; Norsk Ordbok I 1966 tyding 2 skjelva, dirra som eit lauv).

blokke, f. (og ikkje ei blokke bar, «Glør –» s. 123; Aasen 1873 i tydingi blad, lauv på vokstrar).

blå, n. (i kveldskin på gylne himlars blå, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 83; Aasen 1873, med formi blått frå Hardanger; tydingi er synsrand, augneleite; den veglengdi ein kan sjå, Norsk Ordbok I 1966).

blåflis, f. (der blåflis gret på vassjuk grunn, «På Ørnet.- s. 28, med fotnote «blåflis: ei grasart»; Aasen 1873 blåflis frå Nordhordland under blågras, med tydingi grasslag med blågrøne blad, serleg storrgras).

blåsyn, n. (Verda i blåsyn, / livet i bråsyn, «Sogningen» 8. aug. 1933, s. 2; ikkje i ordbøkene; samansett med blå, n., so tydingi er vel syn mot augneleite, mot den veg­lengdi ein kan sjå).

bodslott, m. (Grannar og bodslott, / tyrste og fuse, «Glør –» s. 77, fotnote med tydingi ubeden gjest s. 83; Aasen 1873 frå Hardanger, i Norsk Ordbok I 1966 frå Voss òg; i Ulvik no berre i eldre mål, med uttalen bå¿s2lått eller båss2lått; mi utspørjing hausten 1995).

bolna, v. (so holdet bolnar, «Under b.» s. 50; Aasen 1873 bolna, i Hardanger òg bolgna; tydingi er trotna, svella opp, Norsk Ordbok I 1966, frå fleire stader).

borde, f. (ei grøn borde av mjukt fløyel, «Seint r.–» s.55; òg i sms. fløyelsborde, sjå denne; Aasen 1873; tydingi er breitt, flatt band, remse, stripe etter Norsk Ordbok I 1966).

brage, m. (Det [målet] hev – / so blid ein ynde og so byrg ein brage, «Hjeltnes» 1941, s. 5; Aasen 1873 brag, m. med bragje frå Telemark (Vinje); i Norsk Ordbok I 1966 meir utførleg og med mange døme, her tyding 2 velmakt, glans).

brake, m. (Det kann vera rosor, brake, hagtorn, berberis, «Norsk Hagetidend» 1942, s. 64; brake s. 62 og 63 òg; Aasen 1873 frå Hardanger, Sunn- og Nordhordland i tydingi einebertre, Norsk Ordbok I 1966 frå Ryfylke òg).

bredskauta, adj. perf. part. (Bred-skauta tinderader ligg og bløder, «Hjeltnes» 1941, s. 3; ikkje i ordbøkene; eig­enleg som har skaut, hovudplagg av brede over seg, her i tydingi kvit krune eller topp).

brennenote, f. skrive -nòte (då trælane piska dei milde augo med brennenòte, «Dikt i umsetjing» 1992, s. 63; Aasen 1873 under brenneta, og Norsk Ordbok I 1966 frå Valdres, Sogn, Ulvik og fleire i tydingi brennenesle; berre brEn2n3nå¿ta6 i Indre Sogn t.d.).

brjosknase, m. (liksom ein som spelar / på brjosknase, «Under b.» 73; nase av brjosk, som dei spela på i ein leik, Hauge i brev 29. jan. 1994; Aasen 1873 brjosk, med brjosk eller briosk frå Hardanger og Voss; no brusk i Norsk Ordbok I 1966 med brosk og vanl. brøsk or målf.).

brugga, v. (han Torstein sku brugga, «Glør –» s. 76; Aasen 1873 med brugga frå Hardanger, Voss og Nordhordland, under bryggj, tydingi er bryggja, laga øl).

bruggehus, n. [dei] stemnde den kvelden / til bruggehuset, «Glør –» s. 77; tydingi er bryggjehus, hus der dei lagar øl).

brurbljug, adj. (med brurbljug bjørk til fest, «Hjeltnes» 1991, s. 7; ikkje i ordbøkene; tydingi er bljug, blyg som ei brur, her nytta overført).

brål, n. (utanum frå brålet, «Glør –» s. 120; Ross 1895 under bråla, v., og Norsk Ordbok I 1966 med II brål, n. i tydingi dur; ståk; skrål, frå fleire stader).

bråsyn, n. (livet i bråsyn / såg eg i sylvskauta ævone skreid, «Sogningen» 8. aug. 1933, s. 2; etter Norsk Ordbok I 1966 litterært i tydingi syn eller openberring som kjem brått).

bubla, v. (Å, for eit under som bublar i hugen min, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 53; i pres.part.-formi bublande i Gleda er ei kjelda / – / bublande i dagen, «Gula Tidend» 16. juli 1938, s. 4, og i den bublande / kjelda «Dikt i umsetj.» 1992, s. 78; Aasen 1873 under bulla, Norsk Ordbok I 1966 frå fleire stader i tydingi laga luftblæror; vella, strøyma fram).

buble, f. (ei buble frisk kolsyre, «Spør v.» s. 45; Aasen 1873 under bola; Norsk Ordbok I 1966 i tydingi luftblære, serleg i vatn).

bulsterk, adj. (Bulsterk, på skrevande bein, om sagbukken, «På Ørnet.-» s. 20; Aasen 1873 i tydingi som har sterk kropp, sterk bul, Ross 1895 òg, frå Sunnhordland).

bunde, f. (Men du set / bunda på stong, «Spør v.» s.20, lang bundone fram, «Dropar –» s. 74; òg i sms. Jolebunda, bundi form, og solbunde, sjå desse ordi; Aasen 1873 bunde, n. frå Hardanger, på bundel; Norsk Ordbok I 1966 gjev òg opp f. frå Hardanger, i tydingi kornband).

bung, m. (skar seg i gjenom dei rosor alle / frå bung til botn, «For bygd og by» 1946, Nr. 1.-2., s. 8; midt i bungen / ein rotakvist, «Dikt i saml.» 1993, s. 57; Aasen 1873, frå B. Stift (= Bjørgvin bispedøme), og Norsk Ordbok I 1966 i tydingi søkk valda av støyt; bulk).

burkn, m. (i lundar av bjønnkjeks / og burkn, «Spør v.» s. 64; Aasen 1873 på burkne, og Norsk Ordbok I 1966, frå Hardanger òg; det same som burkne).

burtnabyske, n. skrive -byskje (Raudt i raudt / i burtnabyskje, «Seint r.–» s. 30; Aasen 1873 burtn, frå Hardanger under burkne, i Norsk Ordbok I 1966 burtn frå Sunnhordland og Hardanger under burkn; tydingi er byske, tett busksamling, kratt av burkne).

buve, m. (Men um våren pryder buven / seg med –, «Hjeltnes» 1991, s. 7; rimordet er stuven, so buv, ubundi form er mogeleg; Aasen 1873, og Norsk Ordbok I 1966 med tydingar som 1 svær, klosset og grovgjord person, 3 busemann, 4 busefant, men hjå Hauge er ordet nytta om ein kjempestor alm, stor som eit skogatroll).

byrting, m. (Ho [tårnsvala] blindar byrtingen, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 105; Aasen 1873, frå Hardanger, Sunnhordland og Ryfylke, og Norsk Ordbok I 1966, tyding 1 lyn, elding).

byske, n., skrive byskje (Desse byskji lyt haldast attende, «Norsk Hagetidend» 1942, s. 64; òg nytta som ordtyding i fotnote i «Glør –» s. 41; Aasen 1873, med byskje frå Hardanger og fleire, og Norsk Ordbok I 1966 tyding 1 tett buskskog, kratt, kjørr; sjå òg sms. burtnabyske).

bysta, v. (buven [ein stor alm] / byster lauv i skjeggamose, «Hjeltnes» 1991, s. 7; Aasen 1873, og Norsk Ordbok I 1966, serleg tyding 4 reisa bust, reisa håri, og tyding 5 briska seg, streva for å synast gjæv, «fin»; her då overført om å reisa lauvet, syna seg med lauv).

bytte, n. (men skyrkvemmer kom / til i eit bytte, «Glør –» 81, fotnote s. 83 med tydingi kjerald; Aasen 1873, og Norsk Ordbok I 1966, II bytte, frå Hordaland med tyding 1 smalt trekjerald – til å bera mjølk i).

D

dagblik, n. (i skire dagblik kringum tind og trå, «Hjeltnes» 1941, s. 3; Norsk Ordbok I 1966 i tydingi dagsbrun, ljos rand av det fyrste dagsljoset over synsrandi i aust).

dagtald, adj. perf. part. (æra og nytta vår dagtalde tid, «Sogningen» 8. aug. 1933, s. 2; ikkje i ordbøkene; tydingi er som er tald i dagar, til telja, v.).

dalinst, adj. superlativ, her adv. (Då høyrer eg elvi ropar / dalinst i tronge djuv, «På Ørnet.-» s. 25; ikkje i ordbøkene; tydingi er som er, ligg lengst inne i dalen, inst i dalen).

diga, v. (du fær ikkje – / stå og diga i myri, om ein bekk, «Hjeltnes» 1961, s. 25; Aasen 1873, og Norsk Ordbok I 1966 I diga, serleg tydingane 1 og 3, skjelva, bivra; huska, dissa (opp og ned), med døme frå Hardanger og Voss òg).

dipleg, adj., òg skrive diplæ i eit dikt på målf. (kling i ein trolsk og dipleg fanitull, «Glør –» s. 17, fotnote s. 18 med tydingi nifs, Diplæ soger, s. 86, skogakomen, dipleg mest, «Hjeltnes» 1991, s. 7; Ross 1895, og Norsk Ordbok I 1966 i tydingi svært uhyggeleg, kaldsleg, nifs, frå Hardanger, Voss, Nordhordland og Sogn). 

doggast, v. (men òg dimt / som når glas doggast, «På Ørnet.-» s. 63; Aasen 1873 under dogga, v., sameleis i Norsk Ordbok I 1966 på II dogga tyding 1 til 3, verta vætt eller dekt av dogg, tåror eller dimme).

dopla, v. sjå dropla.

dragardokke, f. i bundi form -dokko etter målf. (han hadde dragardokko og svarteboki, «Hjeltnes» 1951, s. 19; Ross 1895 -dokka, frå Valdres, Hallingdal, frå Hardanger med formi dragare-, Aasen 1873 dragdokka; tydingi er vette (tenkt som ei dokke, mus og liknande) som dreg mat, avdrått, rikdom til huset).

dragkiste, f. (Eg – legg merke til ei gamal dragkiste. / Eg dreg ut ei skuffe «Dikt i umsetj.» 1992, s.137; tydingi er stor kiste med skuffor i til å draga ut, stor kommode).    

draumblå, adj. (og draumblå tindar speglar seg / i andre sjøar, «På Ørnet.-» s. 11; tydingi må vera blå som i (ein) draum; jamfør Norsk Ordbok II 1978 som set sj (= sjeldan) på ordet).

dropl, n. sjå takdropl.

dropla, v. (og vatnet droplar or løynde sprunge, «For bygd og by» 1946, Nr. 1.-2., s. 8; vatnet droplar sylvklårt i brunnen sin, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 28; Aasen 1873, Norsk Ordbok II 1978 II dropla tyding 1 drypa smått; falla i småe dropar; formi dopla i å heila spegelen sin / yver berget / (med strofeskifte) som doplar og snur seg, «Hand grip hand i svevne» 1978, s. 50, sameleis i «Dikt i umsetj.» 1992, s. 159, må vera ein prentefeil, for i artikkelen åt Hans H. Skei i «Tunn is» 1994, s. 159 står det i fotnote 15: «I strofe 3 er «doplar» retta til «droplar» etter tilvising frå forfattaren». Formi doplar står i sjølve diktet i artikkelen åt Skei òg, s. 157).

-dros, f. sjå soldros.

drupa, v., med bøyingi druper, drupte (heggen / som drupte kvit kvar vår, «Gula Tidend» 10. mai 1939, s. 4; raudkanka greiner druper yver hès, «Hjeltnes» 1941, s. 4; Aasen 1873 frå Hallingdal og Numedal, Ross 1895 frå Telemark; tydingi er hanga, luta, bøya seg ned).

drøymarauga, n. (alle drøymaraugo som har flutt / han [kornåkeren] inn i sin himmel?, «På Ørnet.-» s. 60; ikkje i ordbøkene; tydingi må vera auga som drøymer, auga som ein drøymar har).

drøymeduld, adj. perf. part. (So drøymedult um lid og lauvlogn lund, «Gula Tidend» 16. aug. 1938, s.5; ikkje i ordbøkene; til dølja, v. i fortid dulde; tydingi er duld, løynd som når ein drøymer om noko).

drøymen, adj. (der aldebygdi søv med drøymen fjord, «Glør –» s. 32; Aasen 1873; Norsk Ordbok II 1978 tyding 2, som liknar på eller minner om ein draum; her som i ein draum).

dulram, adj. (Styggver og stilt / spår han [kvernfossen] med dulramt mæle, «For bygd og by» 1943, Nr. 12, s. 12; Aasen 1873, Norsk Ordbok II 1978, tyding 1 uthaldande til å dølja noko; men her heller tyding 2 vanskeleg å tyda; gåtefull og 3 løyndomsfull).

dypt, f. (leitar i dyptene mine, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 160; Aasen 1873 og Ross 1895, båe med tydingi djupn).

dølen, adj. (i dølne fjell, «Spør v.» s. 63, i den dølne skogen, same boki s. 76; Ross 1895, og Norsk Ordbok II 1978, tyding 1 (om lende) som lagar ei dæld, eit søkk, ei dokk; noko djup og sidlendt, og tyding 2 noko avstengd frå ljos og luft).

Ordlista er gjengitt med løyve frå Andreas Bjørkum og Samlaget. Takk.

 

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007