FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

I alle himmelretningar


Pianisten Torgeir Kinne Solsvik har gjennom året delteke på omlag 30 konsertar for å feira Tveitt. Her til lands har han turnert i nord og sør – i aust og vest. Dertil har han reist utanlands, til USA, Russland, Østerrike og Tyskland. Med seg har han hatt invensjonar, songsyklusar og pianostykke av Hardanger-komponisten. I stort er prosjekta initiert av Solsvik sjølv; og me lurer på kva som ligg bak hans sterke engasjement? Interessa har geografiske årsaker, forklarer utøvaren.

av Ida Habbestad, Mic Media

TS: Eg synest det var nærliggjande når eg bur i Vikøy, omlag 300 meter i luftlinje bortanfor garden Tveit, å på eit eller anna tidspunkt setja meg inn i musikken hans. Då eg først byrja jobba med han, vart interessa berre større. Det har balla på seg slik sett. Det er noko med at der ligg slike fantastiske ulike stemningar og karakterar i musikken hans. Det vert ei stor musikalsk verd å bevega seg i; noko heilt anna enn å spela dei klassiske verka. For meg var det heilt enkelt noko som stemte då eg byrja spele Tveitt. Det er ikkje alle komponistar ein umiddelbart føler seg sterkt knytt til, men slik var altså møtet mitt med Tveitt – uttrykket hans stemte godt med den eg er som utøvar.

IH: Tveitt er frå di eiga heimbygd. Det gjev deg kanskje eit eige tilhøve til musikken?

TS: Ja, det gjer det nok. Særleg i Hardingtonane finst der mange geografiske referansar til stader eg veit på ein prikk kvar er. Det dannar sjølvsagt eigne bilete – og kanskje ei eiga forståing for musikken.

IH: Når du så gjennom dette året har teke musikken med gjennom Nord-Noreg og vidare til Oslo, Flekkefjord, Mandal, New York, Leipzig, Syktyvkar, Berlin, Wien samt til dine eigne heimstavner på Vestlandet: Korleis har dei ulike røynslene vore?

TS: Det er klart at når eg spelar musikken til Tveitt på Vestlandet – og særleg i Hardanger – veit eg at dei som er på konsertane stort sett kjenner til verka. Bortsett kanskje frå invensjonane som nok er nye for ein del. I Nord-Noreg og i utlandet derimot, kan all musikken vera ny for publikum. Dette pregar jo responsen. Det er noko anna med eit førsteinntrykk enn inntrykket du får av musikk du høyrer for tiande gong. Då eg spelte i Wien, var det for eit nokså lite, men eksklusivt publikum, av ambassadørar og toppleiarar i firma og slikt. Dette publikummet er nok aller mest vande med å høyra klassiske verk av Mozart og Beethoven, og dermed var det ekstra artig å føla kor godt musikken vart motteke. Men generelt er Tveitt den komponisten eg føler meg mest trygg på å spela. Eg opplever at når eg spelar Tveitt sin musikk går den rett heim hjå publikum – eg trur faktisk ikkje eg kan komma på ei einaste oppleving av det motsette!

IH: Og årsaka til dette ligg kanskje, som du seier, i dei mange karakterane i musikken – kan henda kan ein skildra den som sanseleg?

TS: Ja, her er typisk publikumsvenlege aspekt. Det er show i musikken til Tveitt; ein humor. Men òg det heilt motsette; det veldig stemningsfulle, vare og forsiktige. Desse store kontrastane likar eg godt. Og så er der ein veldig flott melodi hjå Tveitt – der er alltid melodiske forløp i musikken hans. Det gjer den tilgjengelig. Publikum kan umiddelbart lika Tveitt sine komposisjonar utan å ha høyrt dei mange gonger før. Det gjeld ikkje all musikken kanskje, men storparten av den.

IH: Du seier at du for alvor starta å studera Geirr Tveitt sin musikk for omlag 10 år sidan, etter nyleg påbyrja studie ved Griegakademiet i Bergen. Der vart du av læraren din, Jan Hovden, førespegla eit høve for å spela inn hans opus 150, «50 folketonar frå Hardanger». Noko du altså gjorde med glede – og denne fordjupinga var starten på mange framføringar av Tveitt sine verk. I kva grad føler du at jubileumsåret har gjeve deg nye perspektiv på komponisten?

TS: Eg veit kanskje ikkje om eg ville sagt nye perspektiv. Det er meir det at eg har teke opp att og har fått høve til å jobba grundig med Tveitt-verk gjennom året. Eg har jamt halde på med musikken hans, men i år har eg fått konsentrera meg litt på same måten som når eg spelte inn CD-en. Det har sikkert skjedd ei utvikling i mitt eige spel, eg spelar nok Tveitt annleis no enn for åtte år sidan. Men det største «nye» for meg dette året er at eg har lært andre stykke av Tveitt, som hans «12 invensjonar op. 2». Desse var mellom dei første klaververka Tveitt skreiv då han studerte ved konservatoriet i Leipzig – og for meg utgjer dei gode døme på at han alt då hadde funne sitt eige tonespråk. Men utvikling eller ikkje: Komponisten Geirr Tveitt er den same for meg som han har vore.

IH: Og Tveitt er altså meir for deg enn berre ein opphavsmann; Du seier at han er mellom dei komponistane som i størst grad har vore med på å forma identiteten din som pianist?

TS: Ja, med grunngjevnad i aspekt me alt har vore inne på: Tveitt er den komponisten eg har fordjupa meg mest i, gjennom eit stort repertoar. Så meiner eg altså at framføringane eg gjer av hans musikk fungerer godt. Med andre komponistar kan eg kjempa meir for å komma dit eg vil. Ein komponist som Grieg kan ein få nok av i periodar, men Tveitt blir eg aldri lei – å spela han er alltid interessant.

IH: Du nemner Grieg saman med Tveitt – og oppgjev det geografiske som årsak for ditt første møte med Tveitt. Kjenner du noko ansvar som utøvar for å framføra komponistar som kjem frå plassar nært dine eigne?

TS: Ein har jo absolutt ansvar som utøvar, men det går begge vegar. Utøvarane hjelper kanskje komponistane fram, men jammen er det ikkje like gjerne andre vegen òg, at komponistane hjelper utøvarane. Eg vil ikkje seia at eg spelar fordi eg føler eg må. Det har heilt enkelt vore naturleg for meg å gjera dette.

IH: Men der ligg ein tanke om ansvarleggjering når du i intervju med Åsmund Soldal i Hordaland Folkeblad oppgjev at Geirr Tveitt bør få sitt eige senter?

TS: Ja, no veit eg ikkje om det absolutt treng vera eit senter. Men ein eller annan ressursperson burde vore engasjert for å føra vidare noko av kompetansen som finst og som er bygd opp gjennom Hauge-Tveitt jubileet. I høve til komponisten er det mykje arbeid att å gjera. Me som spelar musikken treng ein instans å venda oss til i så måte. Dessutan har der funnest finansiering til å gjennomføra ei rekkje konsertar dette året. Det er jo ingen tvil om at det bidrar til å halda tradisjonen levande. Dei aller fleste oppdraga eg har hatt som har inkludert Tveitt dette året, har på ein eller annan måte vore støtta av Hauge-Tveitt jubileet. Så jubileet har ikkje berre vore viktig for opphavsmennene, men òg for utøvarane – det er ein slags vinn-vinn-situasjon.

IH: Ser du at det òg kan liggja problematiske aspekt ved slike jubileum – der midlar vert generert for framføringa av enkeltkomponistar som kanskje overskuggar andre, eller i alle fall styrer retninga av kva musikk som vert framført?

TS: Det er jo ikkje slik at ein berre framfører musikk av den eine komponisten. Jubileet har berre gjeve ein ekstra moglegheit, og slik eg ser det har dette ingen negativ effekt. Effekten er vel meir negativ når året er omme!

IH: Og det legg vonleg inga hindring i vegen for ditt engasjement for komponisten?

TS: Neida, eg har arbeidd med musikken hans lenge og der er framleis mykje eg ynskjer å gjera. Så Tveitt vil eg halda på med i uoverskodeleg framtid!
Foto

1. Geirr Tveitt på fjellet (Foto: Familien Tveitt) 

2. Torgeir Kinne Solsvik (Foto: Kunstmuseene i Bergen

 

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007