FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Å verna om fortida


Våren 2008 har fleire organisasjonar i norsk musikkliv komme saman for å diskutera situasjonen for den klassiske norske musikkarven. Mellom ynskjemåla deira er ei fullstendig editering og publisering av samtlege Tveitt-verk.

av Ida Habbestad

Me vert med jamne mellomrom minna på kor sårbart eit notemateriale kan vera. Brannen på Tveitt-gården i 1970 er eit mykje nytta døme på korleis store delar av ein produksjon kunne gå opp i røyk. Hendinga var tragisk i seg, men er på langt nær det einaste dømet på verk som gjennom åra er gått tapt.

Ukjent Tveitt i posten
For trass Musikksamlingene si oppstart for drøyt 80 år sidan, samt orkesterbiblioteka, forlaga og andre støtteapparat, har innsamlinga og vedlikehaldet av materiale for 1800- og 1900-talets komponistar ikkje vore tilfredsstillande. Ildsjeler har arbeidd iherdig for å bevara kulturarven, men mangel på ressursar og systematiske innleveringar har gjort at mykje materiale er forsvunne. Mellom verka som finst bevart er dessutan mange i ufullstendige eller feilaktige utgåver.

Slik høyrer ein stadig om korleis norske dirigentar står ovanfor omfattande editeringsarbeid før framføring av eldre norske verk. Ein høyrer om korleis komposisjonar har vorte rekonstruert etter mikrofilmar, innspelingar, skisser og vidare. Eller ein høyrer historier som då barytonen Per Vollestad ved eit tilfelle fann Sinding sine samla verk på loppemarknad – eller då pianisten Håvard Gimse ein dag fekk tilsendt eit ukjent Tveitt-verk i posten!

Denne våren har Norsk Komponistforening, Nasjonalbiblioteket og MIC Norsk Musikkinformasjon teke initiativet til ei redaksjonsgruppe som har laga ei utredning over kva som bør gjerast for å bevara den klassiske norske musikkarven. Representantane er samde om at arbeidet bør vera eit statleg ansvar, og oppmodar Kultur- og kyrkjedepartementet om ei monaleg løyving. Mellom forslaga er dessutan ei editering og publisering i vitskapleg utgåve av den fullstendige produksjonen til fem komponistar; Johan Svendsen, Agathe Backer-Grøndahl, Ludvig Irgens-Jensen, Fartein Valen og Geirr Tveitt.

Eitt av medlemma i redaksjonsgruppa er dirigent Bjarte Engeset. Han har tidlegare editert fleire Tveitt-komposisjonar, og er såleis godt kjend med problemstillinga. I denne samtalen fortel han meir om sitt eige og gruppa sitt arbeid.

Å gjera musikken spelbar
IH: Kvifor er Geirr Tveitt mellom komponistane gruppa meiner bør få ei komplett editering?

BE: Før eg går inn på Tveitt spesielt, er det viktig å nemna at der er mange eldre norske komponistar som fortener større merksemd. Slik sett skulle me gjerne ha teke med fleire komponistar i anbefalinga, og me har òg nemnt ei rekkje enkeltverk der tilsvarande arbeid er anbefalt. Men for å begrensa prosjektet i første omgang gjorde me eit utval. I Tveitt sitt tilfelle var argumentasjonen dels pragmatisk. Verka hans vert meir og meir etterspurde, samstundes som mykje notemateriale ikkje er så godt som det burde vera. Dermed er det på tide at me gjer noko systematisk på all hans musikk.

IH: Du har sjølv bidratt til å auka merksemda kring Tveitt – både gjennom å setja han på programmet som dirigent, men òg gjennom eit omfattande editeringsarbeid. Kva er utgangspunktet for dette engasjementet?

BE: Nok ein gong handlar det om å gjera musikken spelbar. Heilt konkret byrja det med den fjerde suiten.  Det er ein av Tveitt-komposisjonane eg likar best, men på grunn av notematerialet vert det nesten ikkje spelt. Eg ynskte å framføra verket med Oslo-Filharmonien på 90-talet. Då måtte eg editera det sjølv.

IH: Etterkvart som verka vert spelbare er det òg viktig at dei vert tilgjengelege. Redaksjonsgruppa har sett fokus på dette, men har det òg vore viktig i arbeidet du har gjort som privatperson?

BE: Ja, det er absolutt viktig at arbeidet er tilgjengleg for andre. Der er dessverre mange døme på edisjonsarbeid som har havna i ein skuff! Når det gjeld 4. suite har Tveitt-familien gjeve meg rettane til å leiga ut materialet. Klaverkonsert nummer ein, der i første omgang partituret med kritiske kommentarar er ferdig, er gjort tilgjengeleg gjennom musikkinformasjonssenteret. Tveitt si orkestrering av Grieg si Ballade og orkesterpartituret til den fjerde klaverkonserten hans er under arbeid, også i samarbeid med MIC. Notatane og rettingane i samband med dei seks CD-innspelingane med musikk av Tveitt burde eg nok også ha gjort tilgjengeleg for andre.

Men så vert eg òg stadig meir overtydd om kor viktig det er at arbeidet vert gjort profesjonelt. Det har vore gjort beundringsverdig mange editeringsarbeid og dette har vore avgjerande for å få verka opp å stå. Så lenge privatpersonar gjer dette, har ein ingen garanti for at arbeidet vert vitskapleg tilfredsstillande. Eg ynskjer ikkje seia at ingen er flinke nok til å editera, men det er viktig å byggja opp eit fagmiljø der ein saman kan utarbeida felles moderne prinsipp for å utgje noter.

Subjektive vurderingar
IH: Me kjem attende til fagmiljøet; førebels er eg nyfiken på korleis du sjølv har gått fram i edisjonsarbeidet. Med Tveitt er det jo mange slags problemstillingar, alt frå brannskadde manus til fleirfaldige versjonar av partitur, innspelingar av stykke som ikkje stemmer overeins med føreliggjande notar og vidare. Korleis har du tilnærma deg eit slikt mangfaldig materiale?

BE: Eg har lært av arbeidet frå gong til gong, og situasjonen er som du seier ulik frå verk til verk. 4. suiten var det særleg mykje arbeid med, for der fanst fleire versjonar frå Tveitt si hand. For å komma fram til ein gjeldande versjon nytta eg også gamle radioopptak og innspelingar. Men heller ikkje ut frå dei kan ein vera sikker på at ein har funne fram til det rette. Sjølv om ein veit kva versjon som kom sist, kan det jo tenkjast at revisjonane var gjort av praktiske årsaker. Kanskje justerte Tveitt visjonane sine etter kva orkestra klarte å spela? Kan henda var altså den første versjonen i somme tilfelle nærare det han hadde ynskt i utgangspunktet. I eit par tilfelle tek eg difor med to ulike versjonar av dei same Hardingtonane.

IH: Du nemnde den første klaverkonserten, som har fått nytt partitur med kritiske kommentarar som vedlegg. Blar ein i desse detaljerte merknadene forstår ein at det er møysommeleg arbeid, fullt av val mellom ulike nyansar. Korleis avgjer du kva som skal med?

BE: Det er jo eit fag, og vurderingane vil til ei viss grad vera subjektive. Det kan vera spørsmål om kva instrument som skal spela ei bestemt linje, det kan vera taktar som skal med eller ikkje, eller spørsmålet om artikulasjonsnyansar; staccato eller marcato, til dømes. Som regel er det små nyansar, men andre gonger får vala store konsekvensar.

I ei innspeling av det kanskje viktigaste verket for blåsarar, Sinfonia, er det heilt synleg kor avgjerande notematerialet kan vera. Det amerikanske blåseorkesteret spelar det eine hovudtemaet med ein feil tone. Då vert resultatet eit anna.

IH: Du har altså komme fram til det du trur er mest korrekt – og grunngjeve vala i kommentaren?

BE: Ja, og det har vore viktig for meg at dette vart gjort separat. Det hender jo ein finn editerte utgåver med mange parentesar med informasjon undervegs. Men eg har sans for at sjølve notebiletet skal vera så klårt som mogleg. Den som er interessert har høve til å finna attende til kva som er gjort, og dei viktigaste vala er utheva så ein ser dei raskt. Samstundes kan utøvarane framføra dei direkte på prøve. Det trur eg er avgjerande for at musikarar skal ha tålmod til å arbeida med verka, og derfor meiner eg eit slikt praktisk prinsipp bør gjelda dei fleste vitskaplege utgåvene.

Ein kulturarv som må vera i orden
IH: Kva er forslaget til framgangsmåten vidare?

BE: Det viktigaste no er å etablera eit fagmiljø for editering i Noreg. Det har me ikkje, og det trengst. Arbeidet bør vera tverrfagleg. Både folk som er flinke med noteskriving, utøvande dirigentar og musikarar med innsikt i komponistens intensjonar og folk som har kunnskap om å skriva ein kritisk kommentar bør vera involvert. I København finst eit sterkt fagmiljø ved Det Kongelige Bibliotek, der dei gjennom ein mannsalder har gjort kritisk arbeid på til dømes Carl Nielsen sine komposisjonar. Dei har utarbeida nøyaktige retningslinjer for nær sagt alle tenkelege situasjonar. Her har me mykje å læra.

Når det gjeld Tveitt burde ein byrja med å få laga ei detaljert verkliste. Der finst gode lister, som for eksempel i Reidar Storås biografi, men den eg tenkjer på bør vera endå meir detaljert. Ein skal kunna finna opplysningar om alle manuskript og trykte utgåver, når dei er laga, kva stand er dei i, kva dei inneheld og vidare. Dette er avgjerande for editeringsarbeid. Det har vore tilfelle av påbyrja arbeid med Tveitt-edisjonar der det har plutseleg dukka opp fleire kjelder, og arbeidet må gjerast på nytt.

IH: Og der er liten tvil om at de meiner arbeidet er viktig?

BE: Det er snakk om ein kulturarv som må vernast. Når notane ikkje er i orden, blir det som om Peer Gynt skulle byrja med ”Peer, du snakker sant”! At notematerialet er godt har dessutan alt å seia for om utanlandske kollegaer skal ha lyst til å ta tak i verka – eller for den del at orkestra her heime vert positivt innstilte til musikken.

Derfor er eg veldig spent på kva retning initiativet tek vidare. Det er eit felt i norsk musikkliv der for lite har vore gjort, men det er òg eit felt der alle no er samde om at ein bør satsa. Dét skulle vel vera eit godt utgangspunkt!

Forutan Bjarte Engeset har redaksjonsgruppa bestått av amanuensis Øyvind Norheim ved musikkformidling, Nasjonalbiblioteket, professorane Arvid Vollsnes og Elef Nesheim frå høvevis Universitetet i Oslo og Norges musikkhøgskole, seniorrådgivar i MIC, Hilde Holbæk-Hanssen samt direktør i MIC, Svein Bjørkås. Edisjonane som vert utgjeve på MIC er gjort  med hjelp frå arkiv- og produksjonssjef Torkild Hansen.

Foto

1. Noteblad frå brannen på Tveitt-garden i 1970
2. Bjarte Engeset (ballade.no)

 

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007