FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Musikalsk skildring av juletida i heidensk tid?

 

Geirr Tveitt: Symfoni nr. 1 Jolakvelden, opus 183 (1958)

av Per Thoreson Lund

Om du trur Tveitt sin 1. Symfoni Jolakvelden handlar om Jesusbarnet og vise menn med gull, myrra og røykelse, eller er skapa av gamal julemusikk frå Hardanger, må du kanskje tru um att. I symfonien er det truleg den heidenske juletida som vert skildra på dramatisk vis. I 1956 gjekk Tveitt i såfall attende til inspirasjon frå norrøne kjelder slik det hadde vore gjennom nesten heile 30-talet. Musikalsk er dette sjølvsagt annleis enn dei noko eksentriske komposisjonane frå 30-talet som nå ofte omtalast som «norrøn ekspresjonisme», men kjeldene til inspirasjon for det tematiske innhaldet er dermed uendra. Symfonien kan stilistisk sett minne om det symfoniske diktet Nykken (som er komponert nesten samstundes med symfonien), og i korpsverket Sinfonia di soffiatori kan ein høyre ein variant av det karakteristiske trompet-temaet frå symfonien i den siste satsen. Både Nykken og Jolakvelden brann opp på Tveitt i 1970, men manus til båe verka vart funne att i NRK sine arkiv.

Det er komponisten Kaare Dyvik Husby som har gått gjennom partituret frå NRK, og i eit intervju med Arild Hanson i samband med framføringa i Stavanger 24. april, fortel han om dette arbeidet. Han omtalar det som eit redigeringsarbeid der han ville stille verket attende til 1958-versjonen med Harmonien. Partituret var nemleg fullt med påklistra lappar med nye tilføyingar gjort i ettertid. Dette var typisk Tveitt, men ikkje alt var frå Tveitt si hand, og dette har Dyvik Husby freista å reinske opp i. Allereie i samband med uroppføringa gjorde Tveitt endringar. Dyvik Husby fortel om eit «sprang» i siste satsen – ei bortstryking, noko som dirigent Ole Kristian Ruud likevel heldt seg til under framføringa i Stavanger konserthus. I samtala omtalar Dyvik Husby symfonien som ei skildring av den heidenske juletida.

30-talet var ei mangslungen ideologisk tid i norsk soge. Det nasjonale stod sterkt i kultur og politikk. Musikalske verk som bygde på norrøn soge og sagadåm var dominerande blant mange komponistar. Monrad Johansens «Voluspå» vart ei musikalsk openbering for Tveitt. Han fann sine eigne, lokale kjelder og utvikla desse til omfattande komposisjonar som baletten Birgingu, operaen Dragaredokko og korverka Hir∂li∂s kve∂ja og Heyr∂ir ∂u Hafrsfir∂i.

Politiske rørsler på høgresida tok i bruk norrøn soge og symbolikk som viktige kommunikative element, eller propaganda som det helst heitte på den tida. Dette kasta lange skuggar over Noreg si soge både da og for ettertida. Med si radikale kulturfilosofiske oppfatning, og haldning til den kristne trua kom Tveitt for ei periode i dårleg selskap. Etter krigen vart dette lenge øydeleggjande for komponisten. Ei sterk nasjonal kjensle og «svermeri» for lokal og nasjonal førkristen soge vart brått snudd på hovudet til eit «svik» i ei tid der ein berre skilde millom svart og kvitt.

Han byrja å skrive på symfonien berre 10-12 år etter krigen – ignorert av det musikalske miljøet i Noreg. Han var likevel oppglødd og full av frisk skaparkraft etter den store framgangen som komponist og konsertpianist på kontinentet – særleg i Paris, med strålande kritikkar frå framståande kunstnarar og pedagogar som Nadia Boulanger. Nordljos - pianokonserten som skildrar nordljoset, og den mystiske pianosonaten Sonata Etere, gjorde inntrykk – eit friskt pust frå nord, som Boulanger uttrykte det i si omtale av konsertane. Ikkje kvardagskost for ein hardinggut i verdensmetropolen Paris! Men at dette knapt nok vart referert i norsk presse såra Tveitt.

Det vart vanskeleg og «upassande» å tale om kjeldene for inspirasjonen til symfonien (dersom det er rett at han skildar den førkristne juletida) berre 12 år etter krigen. Verkomtala i samband med oppføringane i Oslo og Bergen var ikkje spesielt rikhaldige på utgreiingar frå komponisten, men i siste liten sette han namn på symfonien – Jolakvelden.

Han var tidleg ein opponent mot kristne dogmar og kristen tru. Heilt til det siste skydde han prestar og andre geistlege. Det er difor vanskeleg å tenkje seg at han skildrar den kristne julefeiringa i Jolakvelden. Det historiske biletet er likevel ikkje så enkelt. Dei gamle heidenske skikkane og overtrua flaut saman med det kristne innhaldet. Lussi vart til Lucia. Dei onde kreftene som truga folk og buskap kunne haldast burte med krossetting over fjosdøra. Var han likevel ikkje like kompromisslaus som på 30-talet?

Symfonien tek oss kanskje med attende til den gongen året var delt i eit vinterhalvår og eit sommharhalvår. Midtvinter kunne godt vere ved den tida vi feirar jul, og det gamle juleblotet er kanskje den eldste forma for julefeiring. Dette fall i den månaden med det gamle namnet Ýlir som kan ha samanheng med namnet jul. Men det finnst teikn på at jula vart feira til noko ulike tider og med ulik lengde og at dette sannsynlegvis endra seg gjennom soga frå den nomadiske veidekulturen fram til vikingtida. Det finnst kjelder som fortel at julefeiringa har strukke seg inn i månaden Mörsugur – månaden som går frå Ýlir fram til midt i januar. Dette passar betre overeins med datoen for vintersolkverv og dei som meiner dette er det historisk rette tidspunktet for den heidenske julefeiringa.

Ein meiner at julestellet tok til omkring lussi, dvs. 13. desember. Den heidenske lussi har ingenting med den kristne Lucia å gjere. I den norske tradisjonen kjent frå Setesdal til Hardanger, gjerne i kystdistrikta, er lussi ei demonliknande kvinne det fylgde mykje uhygge med. Ho fór mellom gardane og bygdelaga, køyrande eller ridande, for å ta dei som hadde gjort gale.

Sjølve feiringa var naturleg nok konsentrert om ei fruktbarheitsfeiring som bygde på offer- og grøderikdomstanken. Jul kan óg ha noko med eitt av Odin sine mange namn å gjere; Jólnír. I fleire norrøne sagn er da også Odin kjent for å ha vore på ferde rundt juletider.

Det kunne neppe vere ei særleg triveleg tid på året, og ein finn heller ikkje mange «lyriske ljosglimt» i Tveitt sin symfoni. Dette var den myrkaste tida på året; iskaldt, piskande snøstorm eller stjerneklart – og stundom spelte nordljoset upp sitt skræmande spel på vinterhimmelen. Desse inntrykka sette seg fast i folk som opphav til tru på onde ånder og myrke krefter som kunne truge folk og buskap. Denne indre uroa har halde seg hjå mange heilt opp til våre dagar. Som born i Gudbrandsdalen var vi livredde for langfyrkja som var på ferde midtvinters, og jau – vi var sikre på at vi såg ho oppi vegen!

Eg kan ikkje anna forstå enn at det må vere oskoreia – den livsfarlege vetteferda med daudingar og æser, som kjem flygande i den siste satsen. Då bråka dei rundt omkring og kunne ta med seg både mat og gods, folk og dyr. Hestane, opptil 30 ringskodde hestar, kunne bli tekne med og mest skamridne. Dersom oskoreia hadde vore i nærleiken kunne ein venta seg slåsting, drap og sjølvmord, medan ein som hadde sett henne kunne tolka det som at han snart skulle døy. Uhyggeskjensla og redsla kunne prege folk i vekesvis.

I Tveitt-biografien Tonediktaren Geirr Tveitt skriv forfattaren Reidar Storaas om symfonien som er i emning i mars 1956: «Dette blir ikke noen alminnelig dårlige greier!», skriv Tveitt hugheilt til dirigenten i Oslo-filharmonien Grüner-Hegge. Verket kjem likevel ikkje til framføring i Oslo – programkomitéen «fann ikkje plass», som det heitte. Tveitt sendte difor symfonien til Bergen der Carl von Garaguly fekk opp verket til framføring i Harmonien i 1958 med stor suksess. «Et praktfullt orkesterverk som med ett slag plasserer sin opphavsmann i rekken blant de ledende symfonikere,» skreiv Morgenavisen, og Dagen skreiv at symfonien var svært vektig og fengslande. Oslo-kritikaren og komponisten Øistein Sommerfeldt var noko meir reservert i si omtale. Han meinte symfonien hadde organisk samanheng med bl.a. det tematiske motivet som vender attende, men at organismen ikkje er fullboren. Reidar Storaas seier seg samd med Sommerfeldt: «Rett nok boblar fantasien og idérikdomen, og det kunnige grepet på orkestret kjenner vi som Tveitts varemerke. Men symfonien stampar for mykje i brottsjøar, han saknar den storlagde flukt – trass i mange karakteristiske tema og stemningsfulle episodar.»

Symfonien er skrive i den store sonateformen med dei klassiske tre satsane. Men så var det kanskje ikkje denne formen han fann seg best til rette i, og det var berre denne eine symfonien han skreiv for stort orkester. Så om ein ikkje skulle oppfatte verket som ein «fullboren» symfoni, er det likevel så mange andre kvalitetar ved denne musikken at ein like godt kan gløyme heile den symfoniske formen. Som vanleg hjå Tveitt inspirerar denne musikken til biletskaping i «det indre auga». Programmusikk eller ikkje. Verket nærmar seg noko litterært, men er sjølvsagt ikkje det før vi tolkar musikken sitt innhald. Spørsmålet er om det er det musikalske språket vi tolkar, eller om det er dei litterære assosiasjonane vi får ved å lytte til den musikalske diskursen? Kva tolkar vi inn i det musikalske språket? Dette må vere opp til kvar enkelt lyttar og konsertgjengar. Uansett gjer Jolakvelden stort inntrykk på lyttaren. Den er voldsom i sin velde, genial i sin bruk av orkesteret. Dette er det optimale Tveitt-verk – skreven av den modne Geirr, og etter den lange vintersvevnen og dei store framgangane til verket i 2008, vil nok symfonien bli ein bestselgjar når den kjem på CD. Jolakvelden er truleg den symfonien som er spelt flest gonger i Noreg dette året. To gonger med stavangersymfonien og ein gong med bergensfilharmonikarane under Hardingtonar.

Foto

1. Geirr Tveitt i Bjødnabrakane (Alfred Vikør/Kvam Herad)
2. Julebukk (www.bifrost.no)

Kjelder
  • «På konsert», Tveitt-galla med Stavanger symfoniorkester 24. april 2008, NRK P2
  • Olav Bø: Høgtider og minnedagar, Det Norske Samlaget, 1985
  • «Arild Hauges Runer: Om vikingtid, runer, førkristen tradisjon og folketro i Norden». Nettside med materiale frå andre kjelder.
  • Reidar Storaas: «Tonediktaren Geirr Tveitt», Det Norske Samlaget, 1990
  • Wikipedia
Per Thoreson Lund er art director og partnar i MK Bergen Reklamebyrå.

 

 

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007