FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Kom ikkje med heile sanningi - Riksteatret

Teaterframsyning
27.09-26.11
Spelestader
Oversikt
Regi
Ola B. Johannesen
Vev
riksteatret.no

Riksteatret feirar Olav H. Hauge sitt 100-årsjubileum med ny framsyning.

Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje, skreiv Olav H. Hauge og blei ein av våre mest elska diktarar. Olav H. Hauge sin livsvisdom, gleda hans over dei kvardagslege tinga, humoren og underfundigheita går rett til hjartet på så vel oss nordmenn som folk ute i verda.


Hauge-dikt blir lesne høgt i så vel konfirmasjonar som bryllaup. Mange vel å lese dikta hans lågt i godstolen heime. Om du er den som har slite ut diktsamlingar, eller om du ikkje har hang til slikt - no har du i alle fall sjansen til å bli betre kjend med Olav H. Hauge. Riksteatret feirar 100-årsjubileet med ei personleg reise i livet og diktinga hans, basert på hans eigne tekster. Det heile formidla gjennom song, musikk og sitat frå dagbøker. Med den allsidige skodespelaren Stein Grønli og Eir Inderhaug, som er ei ettertrakta songerinne med nasjonale og internasjonale oppdrag.

Den smålåtne og tilbakehaldne gartnaren frå Ulvik var ein internasjonal i sitt litterære utsyn, men han drog sjeldan bort frå heimbygda. Han gifta seg i langt framskriden alder då han var nesten 70 år, med Bodil Cappelen. Han blei omsett til 25 språk i si levetid, og bøkene hans sel fleire tusen eksemplar år etter år. 

   Kom ikkje med heile sanningi
   Kom ikkje med heile sanningi,
   kom ikkje med havet for min torste,
   kom ikkje med himmelen når eg bed um ljos,
   men kom med ein glimt, ei dogg, eit fjom,
   slik fuglane ber med seg vassdropar frå lauget
   og vinden eit korn av salt.

Med: Stein Grønli, Eir Inderhaug (vokal) og Ket Iren Lødemel (musiker)

Regi: Ola B. Johannessen, Scenografikonsulent: Helge Hoff Monsen, Komponist: Ragnar Bjerkreim m.fl.

Urpremiere i Verdal 17. september

Forestillingen varer i ca 1t og 15 min

Kjøp billettar her.

Ola B. Johannesen fortel om stykket her.

Foto:
1: Olav H. Hauge (Scanpix / Line Møller)

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007