FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Nyttårskonsert med Gjøvik Byorkester

Gjøvikhallen,
13. januar 08
17.00


Nyttårskonsert
Hundrar folketonar

Omtale (14.01.08)
Nettstad

Søndag 13. januar er det duka for den tradisjonelle Nyttårskonserten i Gjøvikhallen. Kl. 17.00 svingar Geir Tore Larsen taktstokken over troppane sine, og Gjøvik Byorkester er i gang med si 47. nyårsgåve til innbyggarane i Gjøvik.

Som det passar seg, vert denne konserten prega av fest og glede, av feiringa av eit nytt år. Samtidig nyttar orkesteret høvet til å feira at det i 2008 er 100 år sidan ein av landets største komponistar, Geirr Tveitt, vart fødd. Her er det altså berre å ta på seg finstasen og bli med på festkonsert!

Konserten byrjar med Intrada frå Johan Halvorsens ”Suite Ancienne” – eit herleg sprudlande stykke musikk. Dette er ei aldri så lita oppvarming til Sparre Olsens uendeleg vakre ”Seks Bygdevisur frå Lom”. Dette er opprinneleg og rotekte musikk, varsomt arrangert av Sparre Olsen. Stykka vart i si tid urframført av Gjøvik Juniororkester under leiing av Rolf Bækkelund, og med Arve Tellefsen som solist, men dei er og ved dette høvet i dei beste hender: Ingen ringare enn vår eigen Atle Sponberg blir å høyre denne gongen. Han har spelt dette verket inn på CD med Gjøvik Sinfonietta og Rolf Bækkelund, ei inspeling som står som den fremste i dag.

Og så er det klart for årets jubilant, Geirr Tveitt. Han har ein ruvande produksjon bak seg, både i mengde og i storleik på verk. Klaverkonsertar, ballettar, operaer og store orkesterverk viser oss, saman med ei rekke mindre verk, ein uhyre spanande og eigenarta komponist. Han bitt saman den norske tone med europeisk tradisjon på ein måte som gjør ham til ein einar i norsk musikkhistorie.

Av hans mest kjente verk er ”Hundrad folketonar frå Hardanger” – som består av korte, markante stemningar, frå det burleske og muntre til det sorgfulle og uendelig vakre. På Byorkesterets Nyttårskonsert vil ein få høyre ein liten bukett av disse vakre orkesterstykka.  

Atle Sponberg får vi gleda av å høyre fleire gonger denne kvelden: Først i Montis forrykande Zcardas og deretter i Jacob Gades evigunge ”Tango Jalousie”. Begge desse stykka tilhøyrer musikalske retningar som Atle er blitt ein spesiell ambassadør for, dette er musikk han formidlar som ingen annen i Noreg.

Er det Nyttårskonsert, så er det Nyttårskonsert! Da høyrer det med både tale ved ordføraren og utdeling av Gjøvik kommunes Kulturpris! Og som ein musikalsk hyllest til alle desse får ein høre orkesteret i Kringkastingsorkesterets gamle ”kjenningsmelodi” ”Calling all Workers” av Eric Coates og Tsjajkovskijs suggererande ”Slavisk marsj”.

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007