Ei kvinne kjem tilbake til heimstaden sin frå eit vellukka liv. Heime vandrar faren åleine omkring på garden og snakkar med seg sjølv, medan epla blir hengande på trea. Dikt av Olav H. Hauge kjem ut or munnanen deira og skapar ei djup klangbotn. Orda deira treff kvarandre i ei felles fortid, men far og dotter kan ikkje sjå kvarandre. Kva er det dei saknar?
Kanskje aller helst der er Ragnar Hovlands første skodespel sidan Gjest baardsen døyr på Nilens bredd som blei satt opp på Den Nationale Scene i 1992. At det er Hovland som fører pennen er ikkje vanskeleg å merke — tvisynet, den gjennkjennelege humoren blanda med stort alvor er tydeleg til stade — men det er nok ein varare Hovland enn vi er vant til. Hovland har motteke ein rekkje prisar, og var seinast i år Festspeldiktar. I 2006 utgav han romanen 1964 og barne- og ungdomsboka Fredlaus.
Regissør Andre Wale har stor røynsle frå teater i heile Europa. Han har mellom anna jobba med den internasjonale produksjonen av Mamma Mia!, og har skrive og regissert Some Girls Are Bigger Than Others basert på musikk av Morissey og Johnny Marr frå The Smiths. Han har òg regissert stykke av Sarah Kane og Samuel Becket.
Sigbjørn Apeland er aktiv organist, komponist og dr.art. frå Griegakademiet i Bergen med ei avhandling om kyrkjemusikk. Apelands musikk finn stad i grenselandet mellom folkemusikk kyrkjemusikk og improvisasjon. Apeland speler i ei rekke konstellasjonar, og var mellom anna aktuell under Festspela med ein orgelvegg, ein konsert for tretten stoveorgel!
Kanskje aller helst der opnar haustsesongen på, og er co-produsert av, BIT-Teatergarasjen.
Scenografi: Nicky Shaw Lysdesign: Pia Virolainen Skodespelarar: Yngve Seterås, Katrine Lunde, Yvonne Øyen
Prosjektet er støtta av: Hauge- Tveitt 08, Bergen Kommune, Hordaland Fylkeskommune, Bergens Tidende, Hardingbanken, Fond For Utøvende Kunstnere
Framsyningar i Studio Bergen 28.- 31.august 08, alle dagar kl. 19:00, laurdag 30. august framsyning kl 19:00 og kl. 21:30.
Kjøp billettar her.
|