|
|
|
|
|
|
Fossekall |
|
|
|
|
|
Konsert Dato 30.08 Stad Steinsdalsfossen, Kvam herad Klokkeslett 23:00
|
|
Ein hyllest til naturkreftene
Terje Isungset (trommer, perkusjon, munnharpe, bukkehorn og lydar av is, vatn, fossekallen og fossen sjølv); Lena Nymark (sang); Nils Økland (feler); Didier Petit (vokal og cello); Arve Henriksen (trompet, vokal og elektronikk); Asle Karstad (lyd); Therese Skauge (dans)
|
|
|
Fossekall er bestillingsverket til festivalen Hardingtonar, som går av stabelen 19.-22. juni. Musikk og regi er ved Terje Isungset. Tanken med å laga musikk til Steinsdalsfossen har Isungset leika seg med eit par tre år. Konserten vert ein hyllest til vatnet og naturkreftene. Tittelen viser til ulike karakterar i fossen sitt liv. Her kan det vera fossen som kallar, mennesket sitt rop i fosseduren eller vesle Fossekallen sjølv.
”Fossen har vært liv og død for folk i Norge i generasjoner. Den har også gitt inspirasjon til mange myter, til musikere og komponister” seier Isungset. Olav H. Hauge skreiv fleire dikt om vatnet og vågen. Geirr Tveitt hadde fantastisk utsikt over Hardangefjorden og skreiv om Songjen i fossaduren. Dei to jubilantane vil definitivt setja sitt preg på konserten.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Foto: 1: Steinsdalsfossen (foto: Frank Tangen) 2: Terje Isungset (foto: Siv Dolmen) |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta. |
|
|
|
|
|
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|