|
|
|
 |


 |
|
|
Hundrad hardingtonar, suite 4, Storskrytarstev
|
|
|
|
|
|
Skrytepaven
Storskrytarstev høyrer til dei folketonane Geirr Tveitt samla inn i på sine ferder rundt i Hardangerbygdene i 1930- og 40-åra. Stykket finst for klaver, men òg i den fjerde orkestersuiten av Hundrad hardingtonar.
av Reidar Storaas
Storskrytarstev er eit døme på korleis Geirr Tveitt brukar instrumenta heilt til grensa av yteevna.
Ei dramatisk vending tek stykket ved takt 57 der storskrytaren vert kasta ned trappa. No stuper temaet på hovudet frå firstroken oktav nedover mot botnen i det tonale systemet med mørke strykarar i aksjon på laus C- og E-streng støtta av trombonar, tuba og fagott. Til slutt kjem melodien att på overraskande vis, rytmisk attgjeven i skarptromme og stortromme. Storskrytaren er avplukka sine flotte fjør, ribba til skinnet. Den overlag varierte og skiftande instrumentasjonen høver presis når ein skrytepave skal kledast naken.
Geirr Tveitt skreiv stundom ekstremt vanskeleg for å få fram rette klangen og sette såleis store krav til musikarane.
I jubileumsåret kunne ein høyre Storskrytarstev ved å klikke på musikkavspelaren under biletet av Geirr Tveitt.
|
|
|
|
|
|
Komponist Geirr Tveitt Songtittel Storskrytarstev, Suite 4, No. 47 Artistar Arve Moen Bergset, Isa Katharina Gericke, Michail Jurowski, Oslo Filharmoniske Orkester, Oslo Philharmonic Orchestra & Sigurd Slåttebrekk Albumtittel Klassisk Norsk - Classical Norway År 2006
Kjøp albumet her (Platekompaniet). Du finn òg musikken på musikkonline og iTunes.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Foto |
|
|
|
1. Geirr Tveitt, Fylkesarkivet Kvam Herad |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Denne tjenesten tilbys av HT08. Musikken er gjengitt med tillatelse fra TONO. Uautorisert lenking, videreføring eller kopiering er ulovlig. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
 |
|
|
Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta. |
|
|
 |
|
|
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|