FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Hauge-Tveitt som pauseunderhaldning

Klipp frå Hauge-Tveitt jubileets opningsseremoni blir til pauseunderhaldning på NRK.

Nokon gongar fungerer ikkje alt slik det skal. Slik er det også i NRK. Då er det godt å ha noko å fylle programmet med dersom "katastrofen" råkar, eller dersom programmet ikkje går opp tidsmessig.

 

Det er nett derfor det vert produsert såkalte "fillers". Ein filler er eit lite klipp eller liknande, som på kort varsel kan setjast inn i programmet på kort varsel og dermed hindre at skjermen går i svart.

Hauge-Tveitt jubileet har no fått sine eigne fillers. Då jubileet 10. januar vart sparka i gong i Drammes teater, var NRK til stades for å forevige den minneverdige opplevinga. Kringkastingsorkesteret stilte med Tveitt-tonar, skodespelar Liv Bernhoft Osa med Hauge-dikt.
 Ut av dette programmet har NRK produsert tre fillers som består av eitt Hauge-dikt og eitt utdrag frå Tveitt sin musikk kvar.

Verka det er teke med utdrag frå er "Det er den draumen" (Hauge) og "Vél komme med æra" (Tveitt), "Kom ikkje med heile sanningi" (H.) og Flyteljod (T.), samt "Elvane møtest" (H.) og "Friar-føter" (T.).

Eitt av klippa er allereie blitt vist i påska, så no er det berre å følgje med på NRK i håp om å få eit glimt av kunsten til dei to hardingane som ville fylt 100 år i år.

Foto: Brynhild Steine, Avisa Hordaland

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007