|
|
|
 |
   |
|
|
Hundrad hardingtonar, suite 4, "Friarføter"
|
|
|
|
|
|
Friarføter
Friarføter høyrer til dei folketonane Geirr Tveitt samla inn i på sine ferder rundt i Hardangerbygdene i 1930- og 40-åra. Stykket finst for klaver, men også i den fjerde orkestersuiten av Hundrad hardingtonar.
av Reidar Storaas
Brudlaupssuiten er ei kjærleiksforteljing i tonar. Opningssatsen heiter Du og skildrar gryande forelsking og tilnærming. Kjærleikseventyret held fram med Friarføter. Kanskje er jenta no budeie på stølen, og guten hastar til fjells for å møta henne, han er kåt og utålmodig, det klakkar i hestesko oppover i raskt tempo.
Neste kapittel i forteljinga heiter Eit gamalt sel fortel, og då kan ein tenkja seg korleis dette utviklar seg. Snart står jenta krunebrur og det blir brudlaupsgilde med alt som høyrde til ein slik fest på bygdene i gamle dagar.
Til sist kjem den drivande flotte Hardingøl, like frisk i klaverutgåva som for fullt orkester.
I jubileumsåret kunne ein høyre Friarføter ved å klikke på musikkavspelaren under biletet av Geirr Tveitt.
|
|
|
|
|
|
Komponist Geirr Tveitt Songtittel Friarføter, Suite 4, No. 47 Artistar Arve Moen Bergset, Isa Katharina Gericke, Michail Jurowski, Oslo Filharmoniske Orkester, Oslo Philharmonic Orchestra & Sigurd Slåttebrekk Albumtittel Klassisk Norsk - Classical Norway År 2006
Kjøp albumet her (Platekompaniet). Du finn òg musikken på musikkonline og iTunes.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Foto |
|
|
|
1. Illustrasjonbilete iStockphoto (Copyright: Eduardo Jose Bernardino) |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Denne tjenesten tilbys av HT08. Musikken er gjengitt med tillatelse fra TONO. Uautorisert lenking, videreføring eller kopiering er ulovlig. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
 |
|
|
Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta. |
|
|
 |
|
|
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|