|
|
|
|
|
|
Forteljingar om Hauge og Tveitt på Eldreveven |
|
|
|
|
|
|
Eldreveven
Nettstad av og for eldre
www.eldreveven.no
|
|
Alle menneske sit inne med skapande evner, og kreativitet forsvinn ikkje med alderen. På nettstaden Eldreveven.no kan du oppleve forteljingane – tankane, minna, draumane og håpa frå dei som har levd ei stund. I jubileumsåret for Olav H. Hauge og Geirr Tveitt kan du få med deg gode historiar om kunstnarane gjennom stemmene til folk frå heimtraktane deira.
|
|
|
|
|
|
|
Desse historiane vert utforma og bildesett på ”forteljar-verkstad” som vart skipa til i Norheimsund i mai og juni. Ti personar frå Kvam og Ulvik vart inviterte til å fortelje om sitt møte med Tveitt eller Hauge – med personen eller kunsten. Dei fortalte alt frå pussige episodar til personlige minne. Deltakarane fekk profesjonell hjelp med opptak og bildesetting av forteljingane sine, som no er å finne på Eldreveven.no.
Nettstaden er ein nasjonal nettstad med kreative tekstar av og for eldre, støtta av ABM-utvikling. Hordaland fylkesbibliotek har ansvaret for drifta. Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen arrangerer forteljarverkstaden.
For meir informasjon, sjå http://www.eldreveven.no/?action=flashvideo
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Foto: Olav H. Hauge og Einar Økland i god passiar. (Jan Erik Vold)
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta. |
|
|
|
|
|
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|