FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Olav H. Hauge-utstilling, Geirr Tveitt-kåseri

Ivar Aasen-tunet
3. februar 08
14.30 - 16.15

Opning av utstilling
Reidar Storaas

Nettstad

"Vi viser ting ingen har sett før, og vi fortel ei historie om Olav H. Hauge på ein måte ingen har gjort før."

Det seier direktør Ottar Grepstad om den utstillinga om Olav H. Hauge som blir opna i Ivar Aasen-tunet søndag 3. februar. Der er diktet ”Mi røynd skal forgå” trykt for første gong. Utstillinga har fått tittelen ”Diktarens utvegar”. – Den er vår undring over spørsmåla om kva løysingar ein diktar kan velje og kva utvegar han har, seier Grepstad.

Det seier direktør Ottar Grepstad om den utstillinga om Olav H. Hauge som blir opna i Ivar Aasen-tunet søndag 3. februar. Der er diktet ”Mi røynd skal forgå” trykt for første gong. Utstillinga har fått tittelen ”Diktarens utvegar”. – Den er vår undring over spørsmåla om kva løysingar ein diktar kan velje og kva utvegar han har, seier Grepstad.

Geirr Tveitt er den andre hovudpersonen i Aasen-tunet søndag. Reidar Storaas gir i vår ut ei gjennomarbeidd og ny utgåve av den biografien om Geirr Tveitt som han gav ut i 1990. Søndag gir han sitt personlege portrett av komponisten og musikaren frå Hardanger. – Eg veit ikkje om nokon som kan gjere dette betre enn Storaas, og det er ei stor ære for oss at han vil snakke om Geirr Tveitt lenge før boka er utgitt, seier Ottar Grepstad.

Utstillinga om Olav H. Hauge blir vist i Aasen-tunet fram til Dei Nynorske Festspela opnar 25. juni. Utstillinga er laga i to eksemplar, og det andre eksemplaret forvaltar Hauge/Tveitt-jubileet. Grepstad reknar med at mange bibliotek og kulturinstitusjonar vil låne utstillinga i jubileumsåret.

I fjor haust laga Nynorsk kultursentrum ei utstilling om Halldis Moren Vesaas som no blir vist mange stader i landet. Dermed finst det no utstillingar om begge dei to store diktarane. Utstillinga om Olav H. Hauge er tenkt som eit svar eller eit motstykke til utstillinga ”Halldis i livet”. – Det var vore rørande for oss å arbeide med dette stoffet, og vi håpar publikum får den same undringa som vi over alt det store dei skapte, Vesaas og Hauge, seier Ottar Grepstad. – Alt som blir sagt i denne utstillinga, er Hauge sine eigne ord. Tenk å kunne bruke ei utsegn som den han Hauge kom med i ein samtale med Jan Erik Vold for tretti år sidan:  ”Det er sagt ordet er det hardaste av alle material å arbeida i, verre enn å arbeida med tonar eller fargar eller marmor.”

”Diktarens utvegar” er temautstillig nr. 21 frå Nynorsk kultursentrum. Fleire av dei tidlegare utstillingane blir viste på ti ulike stader berre våren 2008.

Utstillinga om Olav H. Hauge er laga med støtte frå Hauge/Tveitt-jubileet 2008.

SØNDAG 3. FEBRUAR

14.30–15.00 Basisutstillinga, Ivar Aasen-tunet
Diktarens utvegar. Olav H. Hauge 1908–1994
Opning av ny temautstilling
Utstillinga står til og med 23. juni
I samarbeid med Hauge/Tveitt-jubileet 2008
 
15.30–16.15 Salen, Ivar Aasen-tunet
Kva er det med Geirr Tveitt?
Eit personleg portrett ved Reidar Storaas, som i vår kjem med ny utgåve av biografien sin om Geirr Tveitt
Kr 100
Foto

1. Ivar Aasen-tunet. (Foto: Nynorsk kultursentrum)

2. Plansje frå vandreutstillinga (Grafikk: Aina Griffin / Nynorsk kultursentrum)

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007