FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Berit Opheim - ”Song, trø lett på hjarta mitt”

Vangskyrkja, Voss
16. mars 

Folkemusikk, jazz
Per Indrehus


Nettstad / billettar
www.vossajazz.no

Berit Opheim er tilbake på Vossajazz, igjen med eit prosjekt som er typisk for ein av hovudpilarane i Vossajazz - profilen, møtet mellom folkemusikk og jazz. På Voss har folkemusikken sterke røter. Ein av dei som har vore sterkt oppteken av slike musikalske møte er Per Indrehus. Han døydde i 2004 og etterlet seg eit breitt kunstnarleg arbeid. 

Berit Opheim (song),
Dag Arnesen (piano), Bjørn Kjellemyr (bass) og Kåre Opheim (trommer)

Gjennom nesten 40 års virke som komponist, arrangør og pedagog har Indrehus sett spor etter seg både lokalt og nasjonalt; han var ein høgt respektert og omtykt musikar i vide kretsar. Indrehus er kjend for at han kryssa tradisjonelle skiljeliner og dermed skapte forståing for felles musikkarv på tvers av grenser og kulturar.  Han var ein av dei fyrste som blanda jazz og folkemusikk med Mjølsnes/Indrehus-gruppa. Han var oppteken av å blanda sjangrar for å opna nye dører. Dette gjenspeglar seg i musikken. Tonespråket går i fleire stilistiske retningar. Indrehus skreiv musikk til tekstar av ei rekke norske lyrikarar, ein av dei var Olav H. Hauge. I 2008 er det 100 år sidan Olav H. Hauge var født.

Vossajazz ynskjer å minnast desse to med ein konsert i Vangskyrkja sundag 16. mars, med Berit Opheim. Ho har arbeidd mykje og tett med Per Indrehus. Han var både lærar og inspirator for henne. Saman hadde dei eit prosjekt der dei skulle spela inn ein cd med Hauge sine tekstar. Denne vart aldri ferdig. Berit har teke tak i dette materialet og har spelt inn ein CD, tittelen er henta frå eit dikt av Hauge; Song, trø lett på hjarta mitt.

CDen vil verta slept under Vossajazz 2008. Kvartetten har saman har arrangert musikken, ei samansmelting av vise, folkemusikk og jazz, der ordet får lov å stå i sentrum.

 

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007