|
|
|
 |
|
|
|
|
nattvake - røyrkvein
|
|
|
|
|
|
|
|
N
nattvake, f. (nattvaka sårt inni skogstilla syng, «Sogningen» 8. aug. 1933, s. 2; Aasen 1873 – vaka i tydingi måltrost).
nauten, adj. (Eg spør og undrast / – eg er so nauten-, «Hjeltnes» 1951, s. 30; Aasen 1873 tyding 2 dum, tosket, Nynorskordboka 1986 tyding 1).
nema, v. (eg – nam merki etter vengene i den fine sanden, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 143; Aasen 1873, frå Hallingdal i tydingi merka, verta merksam på).
nusk, n. (Men noko nusk / vart det, «Spør v.» s. 49; Ross 1895 under nuska, v. i tydingi det å nuska; serleg putl, småarbeid; jamfør Nynorskordboka 1986 nuska tyding 3 gå, arbeida smått, gjeva seg god tid, pusla).
nuv, m. (Du kjem – / og slær til blods din nuv, «Seint r.–» s. 61, fotnote med tydingi knok (på handi); Aasen 1873 knue i tydingi led, knok på finger, med nue frå Nordhordland; Ross 1895 frå Hardanger òg; i Årdal, Lærdal i Sogn nü‚2v3, m., i Hardanger n¯u, Marita Branstveit, Ulvik, Botolv Helleland, Ullensvang).
nækja, v. (næk du bringa / nett som bakken, «På Ørnet.-» s. 35, Men skoglidi, skoglidi har – / og nækt si armod under stjernone, same boki s. 46; Aasen 1873 i tydingi kleda av, blotta; eigenleg gjera naken; òg i tydingi avdekkja, berrleggja etter Nynorskordboka 1986 tyding 2).
nøgga, v. (Det nøgg i klaka grjot, «Dropar –» s. 37; Aasen 1873 og Ross 1895 i tydingi få ei uhyggjeleg kjensle, kvekka, støkka).
nørsle, f. (seg [= sei] brennhug vantar nørsla, «Gula Tidend» 20. jan. 1933, s. 5, i eit omsett dikt; Aasen 1873 nørsla i tydingi rikeleg forsyning med mat eller fôr, ekstrastell, oppattfrisking; jamfør nøra, v.; Aasen syner ikkje til stad, og det er fåe nyare målf.-opplysningar å finna om ordet, berre hjå Sigurd Sandvik i «Suldalsmålet» 1991, s. 199 og ein setel frå Røldal i arkivet åt Norsk Ordbok).
nøyten, adj. (No er eg meir nøyten / og vitug vòtten, «Glør –» s. 88, og fotnote s. 90 med tydingi nyttar godt ut; Aasen 1873 tyding 1 trottig, strevsam, men her tyding 2 påpasseleg, snøgg til å nytta høvet).
|
|
|
|
|
|
|
|
O
odleforma, adj. perf. part., med -dl- etter målf. (Odleforma sku ho lata sitt liv, «Glør –» s. 64, fotnote s. 65 med tydingi med barn; ordet er samansett med hokjønnsformi odl i målf., av all, sjå Halldor O. Opedal, «Hardanger-målet» 1960, s. 73, òg i Norsk Ordbok I 1966 med odl, f. frå Hardanger; Opedal har òg Ådlufårma, adv. i «Makter og menneske. Folkeminne ifrå Hardanger. I» 1930, s. 158: «Kåno døydde ådlufårma», dvs. kona slokna fyrr barnet var kome til; i «Hardanger-målet» 1960, s. 73 på formi odleforma med dømet kòno slòkna òdlùfòrma (kona slokna i barnseng, før ho fødde barnet (U). Her står (U) for Ullensvang, grannebygdi til Ulvik. I Ullensvang er binde-vokalen -ù-, i Ulvik -e- i sms., so formi hjå Hauge er etter Ulvik-mål; ordet er heilt ukjent i Ulvik no, mi utspørjing hausten 1995, og det er ukjent for dei som er spurde i Ullensvang òg).
olle, f. (Sæl er den som finna kann /, olle i sin eigen hage, «For bygd og by» 1941, Nr. 9, Andre umslagssida; Aasen 1873 olla, frå Buskerud og Telemark (Tinn), tyding 1 kjelde, vassår; ordet er bytt ut med uppkome i «Glør –» s. 29).
orkjaka, adj. perf. part. (breid, grådig øksekjeft / utan stål attum / orkjaka, «Seint r.–» s. 48; tydingi er holkjaka, etter «Norske dikt frå Edda til i dag» 1968, s. 390).
orvon, f. (Men livsens kim i orvons fred / si tenne braut, «Seint r.–» s. 60, fotnote med tydingi vonløyse; jamfør orvona, adj hjå Ross 1895 i tydingi som ein har gjeve opp voni om; vonlaus, og Aasen 1873 orvonast, v. i tydingi gjeva opp voni, ikkje venta lenger; båe ordi frå Sogn).
P
pauna, v. (og Smed-Lina putra og pauna, «Hjeltnes» 1941, s. 68; Ross 1895 i tydingi grina = paula som tyder grina, knurra, småskjenna; ordet er velkjent i gamalt mål i Ulvik i tydingi masa, tyta, taka opp att det same, t.d. pEu2na pao sitt, i fortid pEÜn2te òg, men fåe av mellomgenerasjonen kjenner det; mi utspørjing hausten 1995).
piren, adj. (med dei [gudane] pirne nuppar / av og til i snori, «Glør –» s. 121, fotnote med tydingi ertehuga; både Aasen 1873 og Ross 1895 har dette adjektivet, men med heilt andre tydingar; på pira, v. har Ross pirast, frå Voss og Hardanger òg, i tydingi eglast, erta kvarandre, og II piren, adj. i Nynorskordboka 1986 har tyding 1 ertesjuk, pirkete).
-piste, f. sjå halmpiste.
pligg, m. (eg – / og ligg / som ein pligg, «Dropar –» s. 78; Ross 1895 tyding 1 liten, spiss reiskap; liten pigg eller stift).
plom, m. (Tusund angande blomar / brusar um tak og plomar, «Norsk Hagetidend» 1943, s. 85, og i «Glør –» s. 27, «Dikt i saml.» 1972, s. 24 og 1993, s. 30; tydingi er staff på bord, profilering på bord, skriv Hauge i brev 14. des. 1993.; pløma, v. er vanl., og dei talar om plømde bord, skriv Hauge i same brevet).
pløst, adj. perf. part. (og karane gjekk der / sveitte og pløste, «Glør –» s. 77, fotnote med tydingi oppkava, s. 83; jamfør pløsa seg, v. hjå Ross 1895, frå Sunnfjord, i tydingi svella ut i pløsor, blæra seg, og pløsa, f. i tydingi hudpose, blære).
påfynster, n. (Å leggja mangfarga jord i lykkjor – er berre påfynster, «Norsk Hagetidend» 1943, s. 63; Nynorskordboka 1986 i tydingi påfunn; i Indre Sogn vanl. pa6o2fo8nstr3, -3dn, f. flt.).
|
|
|
|
|
|
|
|
R
raklen, adj. (eit rakle hjul / er venteleg på farten, «Dropar –» s. 66; Ross 1895 tyding 1 ustø, upåliteleg, frå Hallingdal; jamfør rakla, v. i tydingi vera laus og slarken, skrangla).
rall, n. (Sat so karane i rallet, «Glør –» s. 67, til godt rall, s. 80; i målf. rad1d4l, bundi form rad'le, her med den vanl. skriftformi -ll av -dl, som me er vande med i sørvestlandsk, sjå s. 133; tydingi er snakk, prat, røding; det å ralla, sjå neste ord; Ross 1895 og Nynorskordboka 1986 radl).
ralla, v. (Karane ralla, «Glør –» s. 80; i målf. rad'la, i skriftmålet då -ll-, sjå rall ovanfor; Aasen 1873 ralla, v.n. (ar) 3., i tydingi snakka mykje, sladra, frå Jæren og fleire, òg radla, men Ross 1895 set opp radla frå Hardanger og Røldal i tydingi snakka livleg, prata; Nynorskordboka, 1986 set opp både radle og II ralle med om lag same tydingi, so båe kan brukast jamsides).
rasta, v. ([dei] rasta på benken / logg etter logg med / den skumande skjenken, «Glør –» s. 79, fotnote s. 83 med tydingi leggja på rad; jamfør Aasen 1873 rast, f.2. i tydingi rad, rekkje, line; t.d. av plantor i ein hage; då leggja i raster; vanl. i Indre Sogn at poteter, gulrøter, nepor osb. ra6s2ta6 s3, sEg, i åkeren etter kvart som dei spirer og veks til).
ravla, v. (Stod eg ved høvelbenken / ravla eg på ei fjøl, «Glør –» s. 91; Aasen 1873 tyding 2 arbeida snøgt og slurvet, eller med hast; t.d. skriva snøgt, frå Nordre Berg. (= Sogn og Fjordane), Ross 1895, frå Voss og fleire stader).
red, n. (so mjuk som vindsvøygt strå på red, «Glør –» s. 13; Aasen 1873 rid (i’), n. 1., tyding 2 bakkerygg, høgaste punktet på ein bakke eller jordrygg, res, frå Telemark og fleire).
regnhydd, adj. perf. part. (Regnhydd morgon, «Seint r.–» s. 57; Aasen 1873 hyda tyding 2 hudstryka, piska (= dengja); her då hydd, piska av regn).
reita, v. (Dei reita og remja, «Glør –» s. 83, fotnote med tydingi krangla; Aasen 1873 tyding 3 terga, hissa opp til vreide, frå Nordhordland og Sunnfjord, Ross 1895 frå Hardanger og Voss).
revefot, m. skrive røvafot etter målf. (Røvafot, dikttittel, «Seint r.–» s. 30; fot på rev; dei la røvafot, etter «Gamalt frå Ulvik», 1944, s. 56, dei la ein rev av neter, og i «Dikt i saml.» 1972, s. 113 og 1993, s. 126 finn me ein fotnote med tydingi spel med neter).
rigla, v. (Eg ser du har lært / å rigla upp / eit vedlad i skogen, «Spør v.» s. 43; Aasen 1873 tyding 1 stå laust eller ustøtt; her då setja, leggja opp laust og ustøtt).
rikten, adj. (No let eg upp den riktne porten vår, «Norsk Hagetidend» 1942, s. 104; tydingi er riktande, som riktar, til rikta, v. Aasen 1873 tyding 1 knirka, kvina, skrapa; riksa).
rina, v. (ein villhest som / i taumane rin, «Dropar –» s. 76; Aasen 1873 tyding 3 skrika, kvina med høg og skarp ljod; serleg om svin, òg om hestar).
risa, v. (skodda ris, / og soli kjem yver snøfjelli, «Spør v.» s. 9; Aasen 1873 tyding 1 reisa seg, stå opp, koma på føtene; her då stiga, gå oppover).
rodna, v. òg skrive ròdna (og kjakar ròdna, «Glør –» s. 80; Seint rodnar skog i djuvet, boktittel 1956; i 1972 er tittelen skriven – ronar –, «Dikt i saml.» s. 99, men i 1993 – rodnar – att, «Dikt i saml.» s. 111; njupone rodnar / langs steingardane, «Spør v.» s. 11; Ross 1895, frå Sogn (Aurland) og Setesdal, i tydingi verta raud, raudna; i Indre Sogn er rå¿2na6 velkjent).
ros, n. sjå rus, n.
rotatev, m. (med rotatev av gyrme og dysk / av botn og sleip stein, «Seint r.–» s. 55; samansett av rote, m., Aasen 1873 i tydingi rotning, tilstand av noko som rotnar, og tev, m., Aasen 1873 i tydingi lukt, stank, serleg vond lukt; her då av ròte).
ruggen, adj. (Lèt oss vogga / som ruggen båt på havet, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 20; Aasen 1873 ruggall, adj., men her heller til rugga, v. tyding 1 vogga, gynga, setja i ei voggande rørsle; t.d. rugga båten, med tydingi få båten til å gynga; Ross 1895 ruggeleg og ruggen har andre tydingar; her er tydingi som voggar, gyngar, om båt).
rus, n. skrive ròset, bundi form (Det – ska’ / du attåt ròset / tå potetunna ha, «Glør –» s. 68, fotnote s. 69 med tydingi skal; Aasen 1873, frå B. Stift (= Bjørgvin bispedøme), med avviket ros (o’), merke for open vokal, frå Hardanger; Hauge skriv «Ròs, ròse» i brev 29. jan. 1994, og tydingi er tunt skal, t.d. på frukt, potet; jamfør rysja, v., fortid ruste; den vanl. formi i Ulvik er rås; mi utspørjing hausten 1995).
rusa, v. (Me – rusa oss på grein, «Gula Tidend» 19. mai 1939, s. 4; Ross 1895 frå Voss, Hardanger og Sunnhordland (Strandebarm) i tydingi huska, gynga, vippa; vanl. hjå alle vaksne folk i Ulvik, etter mi utspørjing hausten 1995, og dei laga seg ru±2ses9jø±l, f. til å ru±2sa i, av tog med ei sitjefjøl i botnen; då ruseskjøl i tydingi huske).
rutt, m. (Ho [geiti] – / kom upp i ein rutt, «Glør –» s. 74, fotnote s. 75 med tydingi stor vriden rotkubbe; Flaumen sputtar / skum yver grøne ruttar, «For bygd og by» 1943, Nr. 12, s. 12, brigda til – vyrdlaust på gamle ruttar, i «Under b.» s. 28, med fotnote i tydingi diger trestuv; Ross 1895 frå Hardanger (Ulvik, Odda) i tydingi gamalt lauvtre som har vore kappa, «kyllt» mange gonger og no er knudret og fullt av turre kvistar; hjå Halldor O. Opedal, «Hardanger-målet» 1960, s. 80 i formi rutte, frå (O.), som står for Odda; vanl. rutt i Ulvik hjå alle dei eldste og mellomgenerasjonen etter mi utspørjing hausten 1995).
ryggjakneppe, f. (Slik bryt og dregst me / i ryggjakneppa, «Under b.» s. 50, dikttittel og døme s. 49 òg; kneppe, f. er laga til kneppa, v. i tydingi leggja, fella i hop; tydingi er ryggtak, kraftprøve med rygg mot rygg i lufting og vriding; vanl. hjå alle dei eldste og dei fleste av mellomgenerasjonen i Ulvik etter mi utspørjing hausten 1995).
ryng, m. (han / hoppa i hatlekjerr / på ein ryng, «Glør –» s. 46, fotnote med tydingi rygg i lendet; Aasen 1873 frå Hardanger i tydingi bogeforma kuv, høging, t.d. på eit lok, men her i tyding 3 hjå Ross 1895 lang, låg, halvvalseforma jord- eller grusrygg, frå Voss og heile Sogn og Fjordane fylke; òg hjå Halldor O. Opedal, «Hardanger-målet» 1960, s. 80; vanl. ord hjå alle vaksne folk i Ulvik etter mi utspørjing hausten 1995).
ryte, n. (Trollet i deg – / dette stygge tunge rytet, «Dikt i utval» 1964, s. 131; digre kjemperøter rytet / fast i gamal matjord knyte’, om ein alm, «Hjeltnes» 1991, s. 7; Ross 1895 i tydingi stor, uformelig ting, frå fleire stader, Hardanger òg, og med døme derifrå: «Ait fæla Reyte te Fura, te Staen»; Halldor O. Opedal, «Hardanger-målet» 1960, s. 80, frå (Ulv.) = Ulvik, i tydingi rylse (mann som er storbroten på vokster); sers vanl. hjå alle noko eldre folk i Ulvik, t.d. ait svE±2ra ry±2te, ait fE±2la ry±2te; mi utspørjing hausten 1995).
røvafot, m. sjå revefot.
røynd, f. (adla i oss røynd og gjerd, «For bygd og by» 1942, Nr. 11, Andre umslagsside; i «Glør –» s. 107: adla meg i røynd og gjerd; i seinare samlingar er denne lina heilt omskrivi; Og i røyndi er det –, «Norsk Hagetidend» 1943, s. 62; Aasen 1873 og Ross 1895 i tydingi røynsle, det verkelege livet, røyndom; vanl. i nynorsk litteratur).
røyrkvein, m. (Røyrkvein skjelv i osen, «Seint r.–» 48, dikttittel òg der; tydingi er høgt, stivt gras som veks i elvosen, latin Calama grostis, skriv Hauge i brev 22. mars 1994; sjå òg kvein).
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Ordlista er gjengitt med løyve frå Andreas Bjørkum og Samlaget. Takk. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
 |
|
|
Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta. |
|
|
 |
|
|
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|