FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

ein - gå

E

ein, talord, ubunde pron. og artikkel i vendingi i eino, dativ n. (som alt i eino dett, om lauv, «Glør –» s. 45, Ho [elvi] – dett i eino, «Seint r.–» s. 50; Aasen 1873 har i eino frå Voss, og i Norsk Ordbok II 1978 frå både Voss og Sunnhordland, i spalte 482; vendingi er velkjend i Ulvik hjå gamle og noko eldre folk; mi utspørjing hausten 1995; tydingi er jamt, stendig, utan stans, støtt og stadig etter Norsk Ordbok spalte 484, der dei òg har eit døme frå Kvinnherad).

Einar, mest truleg personnamn, her månadsnamn (Var han hard, han Torre, / vert han Einar god, «Glør –» s. 19, med fotnote i tydingi ein av vårmånadene, s. 22; Norsk Ordbok II 1978 I einar, subst[antiv] med tydingi namn på 3. månaden i året, frå Kinsarvik og Eidfjord, i formi Ainar, etter målf., hjå Halldor O. Opedal i «Makter og menneske. Folkeminne frå Hardanger II» 1934, s. 11 og 24).

eirmala, v. (Tungt ho [elvi] eirmel i gili, «På Ørnet.-» s. 25; ikkje i ordbøkene; tydingi må vera mala til eir, grøn, giftig hinne som lagar seg på kopar, massing og bronse; her nytta overført om (grøn)­fargen på vatnet).

eldfim, adj. (For den stjerna sveiv vilkårleg / – ho var eldfim, ho var fårleg, «Dikt i saml.» 1993, s.300; Aasen 1873, frå Søndre Berg. (= Hordaland) og fleire, Ross 1895, og Norsk Ordbok II 1978, i tydingi som har lett for å brenna, som lett tek eld).

eldflar, n. (som eldflar kveikt / i gufsen vind, «På Ørnet.-» s. 28; jamfør Aasen 1873 flara, v. i tydingi loga opp, og flara, v. nedanfor her, og Norsk Ordbok II 1978 V flar i tyding 2, noko som er flagrande tunt og lett; her då om eld som flagrar, logar opp).

eldfus, adj. (Fåfengde lagnad / gløymest i eldfuse livsskyss ei stund, «Sogningen» 8. aug. 1933, s. 2; Norsk Ordbok II 1978, sj[eldan] i tydingi eldande fus; her fus, huga, ivrig, som ein eld, i overførd tyding snøgg, rask som ein eld).

eldskjot, adj. (der varmt, grumsut vatn renn / under eldskjote svalor, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 124; ikkje i ordbøkene; jamfør Aasen 1873 skjot, adj. i tydingi snøgg, rask; her då snøgg, rask som ein eld).

elvemynne, n. (Fedrane våre drog ferja litt lenger upp / frå elvemynnet, «Dikt i umsetj.» 1992, s.92; Norsk Ordbok II 1978 i tydingi elveos; jamfør Aasen 1873 mynne, i tydingi munning, opning, serleg om innlaupet til ein fjord, frå Sogn).

ende, adv. (og kroppen min – / og kastar seg på golvet, slær ende stolane, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 145; sjå Norsk Ordbok II 1978 III ende, adv. tyding 2 det same som V enda, tyding 1, over ende; frå Hardanger og Voss òg).

eplestrokk, m. (Det sveiv um ætter / og eplestrokkar, «Glør –» s. 81, fotnote s. 83 med strokk i tydingi epletunne; Norsk Ordbok II 1978 har same dømet; jamfør Aasen 1873 og Ross 1895 strokk, tyding 3; i Indre Sogn uthola or eitt tre, t.d. til å ha mjøl i, mjå¿l2strOkk, Årdal, Lærdal).

F

fagerdom, m. (din fagerdom du evigt eiga får, «For Bygd og By» 1932, s. 386; seg [sei] fagerdomen bleiknar, «Gula Tidend» 20. jan. 1933, s. 5; båe dømi i omsette dikt frå engelsk; Norsk Ordbok II 1978, litt[erært], i tydingi det å vera fager, venleik)

fastring, f., òg m. (Gamle dyregraver, fastringar, vister etter buer –, fortel det, «Den norske Turistforenings årbok» 1950, s. 154; Norsk Ordbok II 1978, serleg tyding 2 steinsetjing til å fastra (reins)-kjøt i (til vern mot udyr), frå Hardanger; sjå òg fastra, v. i tydingi røysa ned, leggja stein over (t.d. reinskjøt), med døme frå Ulvik). 

fegre, f. (Blinde me gjeng, og dauve / for all fegre på jord, «Glør –» s. 126; Aasen 1873 fegra, og Norsk Ordbok II 1978 med tydingi fagerdom, venleik). 

fiketre, n. (Gamle Laertes – / og grov um fiketrei, «Dropar –» s. 20; Ved fiketreet er min Akilles død, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 20; til fika, f., sjå Norsk Ordbok II 1978 III fike, i tydingi fiken; vanl. ai fi¿2ka6 både i Hardanger (Ulvik) og Indre Sogn; etter Norsk Ordbok II 1978 er fiketre vanl. i Bibelen 1930 og 1938, og ordboki har eit døme or Nynorsk salmebok 1929, 66, 3 etter Bernt Støylen). 

fingla, v. (Og dei skalv då Herren fingla / med dei fem [stjernone], «Dikt i saml.» 1993, s. 301; Ross 1895, og Norsk Ordbok II 1978 i tydingi fingra, røra (ved), taka (på) med fingrane).

fjak, adj. (fjak kjem trasti fjukande, «Dropar –» s.10; Ross 1895 tillegg V, og Norsk Ordbok II 1978 II fjak, tyding 2 snar, snøgg, frå Hardanger).

fjerr, adj. (fjerre draumeland, «Gula Tidend» 16. aug. 1938, s. 5, og i «Hjeltnes» 1941, s. 3; ofte nytta seinare, t.d. til framande, fjerre lond, «Glør –» s. 92, mot fjerre / blånande mil, «Under b.» s.27, fjerre stjernor, s. 68; fjerre kystar, «På Ørnet.-» s. 17; ser imot skardi, fjerre, blå, «Dikt i utval» 1964, s. 53 og i «Dikt i saml.» 1993, s. 25; med ein prentefeil i der fjerre, for det, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 80; Aasen 1873 fjerr, adv., men etter Norsk Ordbok II 1978 II fjerr, adj. (mest brukt i e[ldre] skr[ift] og poet.[isk]), i tydingi fjern, som er langt unna, langt ute; langt borte frå der ein sjølv held til, om stad). 

fjerre, adv. (Kanskje so fjerre / speke var att –, «For bygd og by» 1943, Nr. 3, s. 15; Aasen 1873, frå Sogn og Voss, med so fjerre, og Norsk Ordbok II 1978 har mange døme med tydingi om lag, bortimot, knapt, mesta frå (Bb) = Bjørgvin bispedøme

fjerrgrå, adj. (fjerrgrå jotnar, «Hjeltnes» 1941, s. 4; ikkje i ordbøkene; tydingi må vera grå og fjerr, fjern; sjå fjerr).

fjøral, adj. (vengene falda / til fjøral gang, «Spør v.» s. 36; Ross 1895 fjødrall, og Norsk Ordbok II 1978 i tydingi spretten, spenstig, ledug, elastisk). 

-flar, n. sjå eldflar.

flara, v. (Gassen flara upp, «Dikt i umsetj.» s. 101, Straks flara brandane på gruva upp, same boki s. 106, kva for ein engel som brått kan vilja flara upp, same boki s. 158; pres. part. i og stjernor brast / i flarande rømder, «På Ørnet.-» s. 61; Aasen 1873, og Norsk Ordbok II 1978 II flara med tydingi loga (brått) opp, lysa (opp) (att)). 

flintblå, adj. (han [finntoppen] er eit illbyste / – strid og flintblå, «Festskrift til Knut Horvei på 90 års dagen» 1983, s. 25 og i «Dikt i saml.» 1992, s.165; ikkje i ordbøkene; tydingi er blå som flint, hard, kiselhaldig steinart, sjå Norsk Ordbok II 1978 flint, tyding 2). 

fljot, adj. (Fljote bjørki stod att / musøyrd hegi lid, «Glør –» s. 20; vendingi vart seinare bytt ut med Tidleg bjørk, «Dikt i utval» 1964, s. 21, og ho står slik i seinare samlingar; Aasen 1873, Norsk Ordbok II 1978 V fljot (ó) eller fløt, med målf.-formi fljót frå Hardanger og Voss òg, i tyding 1 snøgg, snar, men her serleg tyding 2 tidleg (ute), snarkomen; tidlegare enn vanl.). 

flodøydn, f. (Set no ut det vesle skipet, – / ut på den myrke flodøydni, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 56; ikkje i ordbøkene; sistelekken er øydna, og øydn, f. hjå Aasen 1873 i tydingi tomleik, stille, aud tilstand; sjå òg øydn). 

flot, adj. (Flot båt, dikttittel i «Seint r.–» s. 15; Ross 1895? flot, frå Ryfylke, og flot i tillegg III, frå Sunnhordland òg; Norsk Ordbok II 1978 VI flot (ò) eller flott (ò) tyding 1 flytande, som flyt fritt, om båt).

flota, (Flota båt no? «Seint r.–» s. 15; Aasen 1873, Norsk Ordbok II 1978 tyding 1 få til å flyta; setja (serleg båt) ut på vatnet, frå Bb = Bjørgvin bispedøme òg).

-flotr, m. sjå isflotr

fløyelsborde, f. (den grøne fløyelsborda / – er vovi under is, «Seint r.–» s. 55; tydingi er borde, stripe, remse av fløyel). 

-fløygd, adj. perf. part. sjå utfløygd.

fløyme, f. (Flautt i smaken vatnet fell / skal du regn og fløymor samle, «Glør –» s. 30; rim gamle; Norsk Ordbok III 1994 I fløyme i tydingi flødevatn 1, vatn som renn oppå jordi; dei har same dømet etter Hauge). 

folna, v. (blomar og minne / frøysest ei hastnatt og folnar som høy, «Sogningen» 8. aug. 1933, s. 2; og hjarteblomane folnar ned, «For bygd og by» 1946, Nr. 1.-2., s. 8, i eit omsett dikt; Aasen 1873, frå Sogn i tydingi visna, turka inn, tærast opp, og Ross 1895 har same tydingi frå Hardanger; sjå òg Norsk Ordbok III 1994).

forset, n. (I forsets nye klæde / eg sauma meg i natt, «Under b.» s. 52; fyrste lina er dikttittel òg; Har gode forset, «Spør v.» s. 44; Aasen 1873 forset, i Norsk Ordbok III 1994 I forsett eller føresett i tydingi noko ein har sett seg føre; plan, tanke). 

frostal, adj. (Frostal stod eg att, «Under b.» s. 21; Aasen 1873 frostall, Norsk Ordbok III 1994 tyding 1 som lite toler kulde, som har lett for å frysa, og tyding 2 som har fått kulde i seg, som frys, om person).

fryna, v. (Seg [sei] hoffet um det fryner / det skin som roten ved, «Gula Tidend» 20. jan. 1933, s. 5, i eit omsett dikt; Aasen 1873, Ross 1895 og Norsk Ordbok III 1994 med tydingi skrukka på nasen, grina; blåsa hånleg, fnysa, den siste tydingi frå Jæren og Hordaland).

furda, v. (han [skrivaren] furda òg på vekti, «Dikt i saml.» 1993, s. 293; Aasen 1873 med «fura», frå Hardanger og Norsk Ordbok III 1994 tyding 1 sjå (på noko) med nyfikne, eller tyding 2 undra seg, undrast, frå Hardanger). 

fyregjerd, f. (utan fyregjerd eller varsel, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 157; Aasen 1873, Norsk Ordbok III 1994 føre-, tyding 1 det å gjera seg føre med noko; førebuing og 2 tiltak, rådgjerd (for å hindra noko), frå Bb= Bjørgvin bispedøme). 

føyken, adj. (blå og føyken, om røyk, «Glør –» s. 76; Ross 1895 føykjen; Norsk Ordbok III 1994 tyding 1 som har lett for å fyka (t.d. om snø, dun); dei syner til same kjelda hjå Hauge).  

G

gal, n. (men holt let seld sjels gal, «Seint r.–» s. 59; Norsk Ordbok III 1994 II gal; tydingi er det å gala, galing; mest vanl. i sms. som hane-, ramnegal).

gildra, v. (Gule husgavlar og naust / gildra i sjøen, «Seint r.–» s. 25; Aasen 1873 tyding 2 setja opp noko slik at det ragar høgt opp; òg setja noko altfor laust slik at det lett fell ned, og tyding 3 raga høgt opp; her meir truleg spegla seg, syna att, i sjøen; jamfør same dømet i Norsk Ordbok Band IV, Hefte 1 1996, med tillegget «om spegelbilete»).

gilsmule, m. (og ut gjenom gilsmulen svingar / gufsande vidde og is, «På Ørnet.-» s. 25; Aasen 1873 mule, tyding 2 munning på eit røyr; t.d. på gevær; tydingi er då mule, munning eller opning på eller i eit gil, n., no gjel).

gjegna, v. (Du – prøver gjegna han [tanken] / i glefs og garn, «Dikt i saml.» 1993, s. 77; Aasen 1873 tyding 1 møta, men serleg tyding 3 svara, seia imot, driva attende, frå Telemark, Agder, Rogaland og fleire; mest døme hjå Ross 1895).

gjelike, m. (Bumannen [«namn på ein snjobrede», fotnote same s.] – solar seg – / og ser etter / sine gjelikar, «Seint r.–» s. 24; Aasen 1873 gjedlike (?) i tydingi stallbror, kamerat; no gjelike, i tydingi likemann, jamlike; Ross 1895 gjelikar? m.; svært sj. i Ulvik no; mi utspørjing hausten 1995; Halldor O. Opedal, «Hardanger-målet» 1960, s. 45 har gjedlike, med målf.-formi gjélikje, frå (U) = Ullensvang).

gjerd, f. (adla i oss røynd og gjerd, «For bygd og by» 1942, Nr. 11, Andre umslagsside, men i «Glør –» s. 107 adla meg i røynd og gjerd; Aasen 1873 tyding 1 gjerning, gjeremål, og tyding 5 måte, skikk, åtferd).

gjerug, adj. (gjerug med å berga sitt, «På Ørnet.-» s.56; Ross 1895, Aasen 1873 girug i tydingi som trår etter noko, serleg vinning, men òg travel, som arbeider lenge).

gjestespjot, n., skrive gjesta- (Ventar du nokon / sidan du retter / gjestaspjot, pus?, «Dikt i saml.» 1993, s. 45; Ross 1895 på gjest: «K[= Katten] gjere Gjestaspjot», frå Hardanger og Telemark, og «K. reiser Gjestespjot», frå Setesdal; vanl. i gamalt hardingmål etter Elias Mjaatveit, «Gamalt fraa Hordaland» 1919, s. 45, Halldor O. Opedal, «Makter og menneske. Folkeminne ifrå Hardanger I» 1930, s. 74: setja upp gjestespjot; setel i Norsk Ordbok frå Olav H. Hauge, og brev til han frå Nils O. Børsheim 18. des. 1962, men svært sjeldhøyrt i Ulvik no, berre etter ei kvinne på 95 år, hausten 1995; tydingi er ringa seg saman, sleikja seg og stikka eine foten fram over halsen, om katt, då spår eller varslar katten at det kjem gjester).

gjøtte, f. sjå gytte.

gladen, adj. (Du skrattar som haren / når fisken er gladen, «På Ørnet.-» s. 42, med fotnote i tydingi kvorven; Aasen 1873 med tydingi som har gjenge ned, om soli, men jamfør glada, v. som Aasen har med ei meir omfatande tyding frå Telemark (Vinje), koma bort, koma or syne, so ein ikkje ser det meir; denne tydingi svarar godt til kvorven).

glimegut, m. (So fyl’ me glimegut til gravi då, / vårkalde dagen, «Glør –» s. 15 i diktet «Spelemannen»; fotnote s. 18 med tydingi framifrå gut; til glima, v. hjå Aasen 1873 og Ross 1895 i tydingi lysa, gjeva ein glans eller ei lysing som blendar augo; her nytta overført om lysande evnor, framifrå gåvor hjå ein ung gut).

glop, n. skrive glòp (idkar / med å løyna glyvre / og glòp, «På Ørnet.-» s. 21; Aasen 1873 og Ross 1895 tyding 1 hol, gap, opning).

glovrut, adj. (nedetter glovrute sandras, «Glør –» s. 40, fotnote s. 41 med tydingi oppskrukne, sundrivne; Ross 1895 -utt med tydingi full av glovror, sprekkar og hol; Aasen 1873 glyvra, Ross 1895 glovra i tydingi gjel, kløft i berg).

glugg, m. (Eg veit ei grav / som ikkje har glugg mot stjernone, «På Ørnet.-» s. 13; Aasen 1873 i tydingi liti opning; han syner òg til glugge, m.)

glyggja, v. (Slik kan det glyggja / upp ein kveld, «På Ørnet.-» s. 61, med fotnote i tydingi opna seg; Aasen 1873 med same tydingi og stella seg, so at ein kan sjå igjennom; til glugge, m.)

glyr, m. (når ein glyr i grima / nye rukkor slær, «Dikt i utval» 1964, s. 131, «Dikt i saml.» 1972, s. 114 og 1993, s. 124; substantivet er laga til glyra, v. Ross 1895, med tydingar som sjå intenst med kvasse (mørke eller lure) augo, frå Jæren, mysa (mot soli), frå Voss, og spila augo opp, glo, frå Nordmøre; tydingi av glyr er då intens skoding, mysing, (kvass, lur) glaning).

glyvre, f. (idkar / med å løyna glyvre / og glòp, «På Ørnet.-» s. 21, fotnote med tydingi sprunge, s. 22; um ho [soli] gløymer / ei og onnor glyvre, same boki s. 34; Aasen 1873 og Ross 1985 glyvra i tydingi gjel, kluft, rivne i berg).

grjot, n. (Ofte hjå Hauge, t.d. Eg likar berghardt grjot / som ikkje har vorte mold, «Seint r.–» s. 9, og Um grjotet gjeng mot grjot / og stålet stål imot, same boki s. 41; Aasen 1873 i tydingi stein, steinslag).

grufsen, adj. (Einsleg – / strider holmen / på grufsen fjellsjø, «Dropar –» s. 40; Ross 1895 i tydingi grov, ujamn, serleg tyding 2 om landskap: full av ujamne kantar, hol, rukkor; vill).

grysja, v. (kvite kongar, grys i skjermbloms sal, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 33 og at ho [ei skræmd sjel] skrøkk og grys i kulden, same boki s. 54; Aasen 1873 i tydingi gysa, kjenna ei gysing, skjelva).

-gul, n. sjå vindgul.

gytte, f., skrive gjøttor, flt. (hegi svarte gjøttor / blånar endå is, «Glør –» s. 21, i gjøttor under jøklen, s. 40; velt fram / or giljar og gjøttor, «Seint r.–» s.50; Ross 1895 gytta, frå Sogn, Voss, Nordhordland og Nordfjord tyding 1 = gytt; vill, trektforma kluft, rivne i ei bergside, med stadig utgliding, halvt «gjel» og halvt «botn»).

gyv, n. (opn gluggen for gyven, «Dropar –» s. 74; Aasen 1873 tyding 1 frå Hardanger òg, driv, drivande støv; her gov; Ross 1895 frå fleire stader).

, v., i fortid gådde (dei lystige segli i sundet / går eg ikkje, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 99; Aasen 1873, Ross 1895 i tydingi merka, leggjæ merke til, verta var).

Ordlista er gjengitt med løyve frå Andreas Bjørkum og Samlaget. Takk.

 

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007