FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Dokumentarfilmen "Baldurs Draumar"

NRK TV
15 juni 2008


Dokumentarfilmen om Geirr Tveitt

Intervju i Klassekampen 08.01.08

av Sondre H. Bjørgum

Dokumentarfilmen "Baldurs Draumar" er ein film om komponisten Geirr Tveitt (1908-1981) der den raude tråden i filmen er hans ungdomsverk balletten Baldurs Draumar som gjennom sitt skiftande temperament og dramatiske historie speglar sinnet til Tveitt.

Filmen er ein detektivhistorie i klassisk film noir-stil der me nøstar opp i kva som eigentleg hendte med Baldurs Draumar då det forsvinn og dukkar opp fleire gongar.



Denne balletten fyl Tveitts liv frå han i tjueåra set i gang å skriva det, til det vert framført i Aulaen i Oslo 1938, forsvinn i fylge Tveitt i eit bombeangrep i London under krigen, vert skrive i ny versjon av Tveitt på slutten av 40-talet og framført nede i Europa og Nord-Afrika til 1970 då huset til Tveitt og 4/5-delar av heile hans musikalske produksjon går opp i flammar. Etter Tveitts død vert det gjort eit oppsiktsvekkande funn i brannruinanet: nemleg Baldurs Draumar. Det verket som forsvann under blitzen i London låg i huset heima på Tveitt. Korleis var det mogeleg? På grunnlag av dette partituret og eit lydopptak frå 1938 vert Baldurs Draumar rekonstruert og framført i Grieghallen i 2002. Men historia sluttar ikkje der...

Me har elles under opptaka vore i Hardanger, Bergen, Oslo, Leipzig og Marokko der me blandt anna leigde eit piano som me festa mellom to dromedarar og rei ut i ørkenen for å spela for beduinane slik Tveitt gjorde då han konserterte i Nord-Afrika på 50-talet.

Filmen skal visast på NRK 15. juni, og får kinovisningar 8. juni i Drammen, og under Hardingtonar 22. juni.

Foto

1. Frå innspelinga av "Baldurs Draumar" i Marokko (Foto: Heidi Sandberg)

2. Frå innspelinga av "Baldurs Draumar" i Marokko. Utsnitt frå større bilete (Foto: Heidi Sandberg).

3. Geirr Tveitt i Sahara. (Foto: Ukjend / Familien Tveitt)

 

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007