|
|
|
 |
 |
|
Geirr-Olav |
|
|
|
|
|
Konsert 22.09: Rick's Visekjelleren 27.11: Nasjonalbiblioteket, Oslo
|
|
ein konsert om, for eller til Olav H. Hauge og Geirr Tveitt
Benedicte Maurseth (song og hardingfele); Runar Gudnason (rap); Gabriel Fliflet (trekkspel og vokal); Snorre Bjerck (trommer, elektronikk og vokal)
|
 |
|
”Geirr-Olav” er eit skeivt, undersøkande og humoristisk blikk på to store personlegheiter, to visjonære kunstnarar; dei to samtidige hardingane, Geirr Tveitt og Olav H. Hauge.
Som personar var Geirr og Olav ganske så forskjellige, både i lynne, levestil og i måten dei stilde seg til sin eigen kunst. Olav var den langsame, tenksame, smålåtne lyrikaren, konstant i dialog med sjølv og konstant i tvil om sitt eige verd som kunstnar. Geirr var den ville, voldsomt produktive og eigenrådige komponisten med sitt heilt eige – og mykje skiftande – syn på kunsten og tilveret.
Men Geirr og Olav hadde òg ein del ting til felles. Forutan fødselsår og Hardanger, hadde dei mange felles ideal og inspirasjonskjelder. Dei var begge ihuga målmenn, og begge såg i stor grad på arbeidet sitt som eit nasjonsbyggingsprosjekt. Men det var aldri tale om norskdom med skylappar; begge var opne for, og inspirerte av, kunst og tenkemåtar frå heile verda. Geirr og Olav er viktige representantar for den stolte tradisjonen med vestnorske verdenskunstnarar.
Dei fire musikarane bak denne konserten er òg vestlendingar som lagar norsk musikk på norsk, med inspirasjon frå heile verda – og i denne konserten står rap og norsk folkemusikk i sentrum. Låtane, som i hovudsak er nyskrevne for denne konserten, tek sitt tekstlege utgangspunkt i personlegheitene Geirr og Olav, og hendingar i liva deira.
Musikarane har gått til stoffet letta av sakas alvor, og kan byde på kveding over reggaerytmer, fundamentalistisk og valdsforherlegande nynorsk-rap, lokking, allsong og norrøn dadaisme.
Les meir om Geirr-Olav her.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Foto: Geirr-Olav |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
 |
|
|
Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta. |
|
|
 |
|
|
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|