FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Hardingkunstnarar INSPIRERT av Hauge og Tveitt

Utstilling

Skal til:
Eidfjord
Ulvik
Odda
Norheimsund

Hardingpuls.no

Kunstnarar tilknytt Harding Puls har utforska og fordjupa seg i livsverka til dei to store kunstnarane fram mot 100-års-jubileet i 2008 for deira fødsel. Det har resultert i fleire poesi- og musikkprogram og i kunstutstillingar.

Den 21. august og fram til 14. september vert utstillinga i Hardanger vist i Eidfjord, i Galleri N. Bergslien.

 

Utstillinga er to-delt, den største delen vert vist som ei vandreutstilling i Hardanger. Den starta på Agatunet i mai. Og etter Eidfjord skal den vidare til Ulvik i samband med poesifestivalen og til Odda under Litteratursymposiet og den vil avslutta i Kvam i oktober.
Ein mindre del står no i Trygve Lie Gallery i New York  og skal vidare til Korea i oktober.

Datoar for vandreutstillinga til Hardinganger.
Eidfjord i Galleri N. Bergslien 21. aug - 14. sept
Ulvik i Olav H. Hauge-senteret  17. sept – 1. okt
Odda i samband med Litteratursymposiet  5. okt - 12. okt
Norheimsund  i Gamle banken   18. okt -    8. nov.  

På opningsdagen i Galleri N. Bergslien den 21. aug kl. 18.00 vert det Poesi- og musikkprogram –”Ein bete blåe rosor” med Olav H. Hauge sine dikt.

Under tittelen 'Ein bete blåe rosor' henta frå diktet 'Borni leikar' les Arnhild Litleré dikt og tekstutdrag frå Olav H Hauge sin forfattarskap. Arild B Nielsen (trompet, flygelhorn, seljefløyte) og Sigmund Vik (bass) framfører nyskriven musikk til Hauge sine dikt. Arnhild Litlere skriv dette om inspirasjonen for tekstutvalet sitt: ”Eg vil sjå på Olav H Hauges forfattarskap med tanke på kva liv han har levd; fruktbonde, forfattar og ikkje minst hans store kunnskap om psykisk smerte, noko som gjenspeglar seg i diktninga hans. Ikkje minst 'Eldberget' og 'Attum einsemds berg' fortel kva innsikt og respekt han hadde for denne smerten. Tekstar som kan tangere vårt eige liv og gje oss innsikt.”

”Ein bete blåe rosor” - Programmet skal på ein miniturnè på tre dagar:
Eidfjord i  Galleri N. Bergslien 21. aug  kl. 18
Øystese i Kunsthuset Kabuso 22. aug  kl. 19
Strandebarm kyrkje 23. aug  kl. 18

Foto

1. Utsnitt frå måleri av Jorunn Haugse

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007