FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Hauge-Tveitt drar til U.S.A.

New York
Sjømannkyrkja

Konsertar 15. mai
Utstilling 15.mai - september

Kart

Nettstad

Konsert og bestillingsverk i Den Norske Sjømannskyrkja i New York 15. mai

”Det norske og New York” 

Den unge norske mezzosopranen Kristin Mulders (frå Norheimsund) har både studert og jobba ein god del i USA. No har ho, i samarbeid med Harding Puls, bede den New York-baserte finsk/amerikanske komponisten Mika Pohjola om å tonesetja eit utval av Olav H. Hauge sine dikt. Musikken vert komponert for Kristin si stemme. Pohjola har frå før tonesett verk av t.d. Tove Jansson og Toivo Kärki, og har produsert 15 album med eige materiale og arrangement, saman med kritikarroste band og songarar frå heile verda . Det er første gong Pohjola toneset norske dikt. På komande festival får ein endeleg sett opp Geitt Tveitt sin fiolinkonsert som orkesterverk.

Dette vert i fleire aspekt eit spanande møte mellom kunstnarar frå Hardanger og New York.

Andre avdeling av konserten vert tileigna Geirr Tveitt sin musikk, framført av Kristin Mulders og den unge norske pianisten Torgeir Kinne Solsvik.

Torgeir er oppvakse eit steinkast frå Geirr Tveitt sin heim i Norheimsund, og har si utdanning frå Griegakademiet i Bergen og Musikkonservatoriet i Sydney, Australia. Han har vist stor interesse for Geirr Tveitt sin musikk, og har dei siste åra spelt inn og framført store deler av repertoaret.

Kunstnarforumet Harding Puls med utstillingar inspirert av Olav H. Hauge og Geirr Tveitt i 2008

I samband med 100-års jubileet for Olav H. Hauge og Geirr Tveitt sin fødsel er kunstnarane i Harding Puls utfordra til å la seg inspirere av desse to kunstnarane sine verk.

Det seiast at Hauge og Tveitt var like mykje verdskunstnarar som hardingar. Dette veit ein å hente inspirasjon frå. Kunstnarane vert inspirerte av Hauge og Tveitt sin eigenskap til løfte det kvardagslege og sette det i nye perspektiv.

Ei gruppe på ca 15 biletkunstnarar og kunsthandverkarar er i full gang med sine arbeider. Det er eit rikt og spanande materiale til fordjuping og inspirasjon. Kunstnarane nærmar seg materialet på ulike måtar. Resultatet vert to utstillingar med stor spennvidde.

Ei utstilling vert sendt til Trygve Lie Gallery i Sjømannskyrkja, New York. Det er blitt plukka ut 20 kunstverk av åtte kunstnarar. Det er stor spennvidde i verka – alt frå akvarellar til elektroniske komposisjonar.   

Den andre utstillinga vert halden på Agatunet i Hardanger, her vil ein sjå eit minst like stort mangfald i verk som på utstillinga i New York.

 

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007