|
|
|
|
|
|
|
Hauge for fullsett sal - og entré
|
|
|
Då konserten Eg vakna i dag òg hadde urframsyning på Osøyro førre sundag, møtte det opp så mykje publikum at lokalet ikkje kunne romma alle. Bak den godt vitja konsertframsyninga står musikarane Heidi Tronsmo og Glenn Erik Haugland, som har sett musikk til Olav H. Hauge sine tekstar. Dei hadde med seg Erling Wollestad, som las frå Hauge sine dagbøker på skikkeleg hardangermål.
|
|
|
|
- Fantastisk! seier Glenn Erik Haugland om mottakinga urframsyninga fekk i Galleri Oz. Han fortel om eit stort publikum som trass det at mange av dei måtte stå på gangen, berre hadde positive tilbakemeldingar å koma med etter konserten. – Folk som ikkje trudde at dei nokon gong ville kunna setta pris på ny musikk, opplevde at dette ikkje var det minste vanskeleg å høyra på.
Haugland skildrar prosjektet som eit av dei mest spanande prosjekta han har vore med på. Den skapande prosessen som ligg bak framsyninga har vore ei særs positiv oppleving. - Både fordi eg har fått jobba målretta og samstundes kreativt, avslappa og med så dyktige folk som Erling og Heidi, men òg fordi vi har lært så mykje av å jobba med dikta og ikkje minst dagbøkene til Hauge. Alle som har fordjupa seg i dette materialet veit at det er lett å gå seg vill i havet av fantastiske formuleringar og betraktningar, seier musikaren.
Hauge om sitt eige liv Konserten har fått namn etter eit av Hauge sine dagboknotat. 1. joledag 1964 skriv Olav H. Hauge: ”Eg vakna i dag òg med pili i hjarta. Det gjer vondt, det er alt eg kan seia.” På heimesida si karakteriserar artistane konserten for ”Et dypdykk med fortellinger fra Olav H. Hauges forhold til kvinner, hans tanker om sitt eget liv og om det å bo alene”
- I konserten vår har vi prøvd å fokusera på Hauge sine tankar om det å vera annleis, det å leva åleine i så mange år, og naturleg nok som ei fylgje av det, forholdet hans til kvinner. Vi har spedd på med eigne erfaringar med Hauge, særskilt Erling som har møtt han fleire gonger, og ikkje minst nokre smått komiske situasjonar og fråsegner, fortel Haugland.
I morgon òg – planen vidare Den vidare planen for Eg vakna i dag òg er å ta med framsyninga til andre delar av landet, Østerdalen og Oslo er nemnt som aktuelle stader. Etter konserten sundag har artistane også eit ynskje om å kunna spela inn konsertprogrammet og gje det ut på cd, då mange i publikum spurde etter dette. Om cd-planen vert realitet vil skiva koma ut på Opera Omnia Records.
Eg vakna i dag òg – programmet.
Glenn Erik Haugland var i helga òg aktuell med urframsyninga av verket …og holt læt seld sjels gal saman med Bergen Filharmoniske Orkester fredag. Dette verket er basert på dikt, intervju og dagbøker av Hauge. På programmet for kvelden stod òg framføring av Geirr Tveitt sin musikk. Omtale av konserten kan du lesa her.
Les Glenn Erik Haugland sine kronikkar om Hauge, her og her.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Foto
|
1. Erling Wollestad, Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo under konserten (Foto: www.operaomnia.no)
2. Glenn Erik Haugland (Foto: www.operaomnia.no)
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta. |
|
|
|
|
|
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|