FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Tid å hausta inn - Geirr Tveitt og Olav H. Hauge - 100 år

Rikskonsertane
Konsert

Vev
Rikskonsertane

To fargerike hardingar rundar 100 år. Rikskonsertane markerer dobbeltjubileet med å sende tre av Noregs fremste utøvarar og ein mangfaldig konsertforestilling ut på turné.

Artikkel frå Rikskonsertane

Songaren Lars Klevstrand, pianisten Håvard Gimse og skodespelaren Hildegun Riise er blant våre fremste utøvarar på sine felt. Gjennom fleire år har dei også vore formidlarar av Olav
H. Hauge og Geirr Tveitt. Det er difor ei glede for Rikskonsertane å kunne presentere desse tre i lag for fyrste gong.

I år feirar me at diktaren Olav H. Hauge og komponisten Geirr Tveitt ville ha fylt 100 år. Begge kunstnarane budde i Hardanger, og markerte seg så vel nasjonalt som internasjonalt med kvart sitt særmerkte uttrykk. Sterkt forankra i den lokale tradisjonen var dei på same tid språksterke kosmopolittar, og produksjonen deira syner stor breidd.

Såleis er det òg duka for ein mangfaldig konsertforestilling. Musikken spenner frå europeiske, Bach-inspirerte klaverstykke til rotekte hardingtonar, frå den varaste klaverpoesi til primitiv villskap, for ikkje å gløyme Tveitt sin mangslungne song- og viseskatt. Alt dette vert tett samanvevd med Hauge sine underfundige og innsiktsfulle dikt, aforismar og dagboknotatar, nokre av dikta i tonesetjing av Geirr Tveitt og Per Indrehus.

Medverkande: Lars Klevstrand- song, Håvard Gimse – piano og Hildegun Riise- opplesing


Eit lite utval av artistane sitt tidlegare arbeid med kunstnarane Hauge og Tveitt:

Håvard Gimse er ein av dei fremste pianistane i Skandinavia, og har i ei årrekkje formidla Geirr Tveitt sin musikk. Mellom anna har han gjeve ut Tveitt sine samla verk på plate. I februar var Gimse solist då Oslo -Filharmonien framførte Klaverkonsert nr. 5 av Tveitt

Hildegun Riise har tidlegare lese dikt og dagboknotat av Hauge i førestillinga Under Stjernone, som mellom anna vart framsynt i samband med Festspillene i Bergen 2008. Riise hadde regien på Festframsyninga for Olav H. Hauge og Geirr Tveitt under Musikkfestivalen Hardingtonar i sumar.

 

Biletet: Berit Opheim, Håvard Gimse og Hildegun Riise. Foto: Anders Bergersen / Rikskonsertane

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007