FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

50 konsertar med Hauge og Tveitt!

Periode
12.10-16.11
Arrangør
Fylkeskonsertane Hordaland
Artistar
Reidun Horvei
Geir Botnen
Einar Mjølsnes

Fylkeskonsertane  Hordaland startar 12. oktober opp med ein omfattande kombiturnè som skal gå til ulike stader i Hordaland. 11 kveldskonsertar og 39 skulekonsertar skal dei tre utøvarane Reidun Horvei – song, Einar Mjølsnes – hardingfele/viola da gamba og Geir Botnen – klaver gjennomføra fram til 16. november. Og etter det skal dei også vitja vennskapsfylket Orknøyane med jubiléumsprogrammet.



Ny produksjon
Dette er ein nyproduksjon som gjennom musikken og lyrikken til desse vestlands- jubilantane vert knytt saman med informative kommentarar. Her får ein òg høyra om livet deira på godt og vondt, og om kva som gav inspirasjonen til dei mangfaldige uttrykksformene dei gav oss.

Musikarane
Musikarane har arbeidd med Hauge sine tekstar og Tveitt sin musikk i over 30 år og har ein stor kunnskap og ei sann formidlingsglede for dette materialet. Reidun Horvei og Geir Botnen gav i 1996 ut dobbel CDen ”50 folketonar frå Hardanger” op. 150 av Geirr Tveitt. Dette var eit pionerarbeid. Å gå i Geirr Tveitt sine fotefar for å finna fram til kjeldene hans, var ei glede. Fleire gonger var dei òg medverkande på scenen saman med Olav H. Hauge. Han hadde svært lett for å koma i kontakt med publikum og vart ofte gripen av stunda utan å vera klår over det sjølv.

Urframføring
Mange komponistar har vorte inspirerte av dikta til Hauge. I denne produksjonen får vi òg eit døme på dette gjennom to urframføringar der komponisten Knut Kristiansen har skrive musikken.

Hardingar
Begge kunstnarane var sterkt farga av kulturen og naturen i Hardanger samstundes som begge var internasjonale i haldningar og uttrykk. Fylkeskonsertane ønskjer gjennom dette jubileumsprogrammet å hylla jubilantane Olav H. Hauge og Geirr Tveitt - og formidla til nye generasjonar noko av vår ypparste dikt- og toneskatt.

For oversikt over konsertane, sjå den enkle programoversikten.

Foto:
1: Bjødnabrakane (Alfred Vikør / Kvam Herad)
2: Reidun Horvei (Helge Skodvin)
3: Geir Botnen (Helge Skodvin)
4: Einar Mjølsnes (Helge Skodvin)

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007