FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Francois Monnet - Oversetting og fotoutstilling

Utstilling
Olav H. Hauge - dikt og foto
Stad
Brakanes Kurs og konferansesenter
Frå
19. september
Vev

Det finst noko svært mildt
i kvart møte i einsemda, om det så berre gjeld
møtet med eit stort, einsleg tre …

Hofmannsthal


Om Francois Monnet

Historia til fotografia av Franois Monnet er skapt av møte. Dei er tekne på Ytste Skotet, ein nesten utilgjengeleg gard oppvagla på ei fjellhylle i Storfjorden og gjord til museum og viktig utstillingsstad for det ekte norske. Desse bileta vart fyrst utstilte i Noreg, med diktet ”Det er den draumen” av Hauge som forsterkande undertekst. Gjennom skuggar, lysskin og nyansar uttrykkjer dei livskrafta i rørslene, angen av skogen og vinden, smaken av rimfrost og tytebær, valørane i lyset og snøen i dette djupe Nord, augeblinken gjort evig, detaljen og det uendelege, det enkle og det eksakte tidsutsnittet. Desse bileta, som så vel med varsemd som med skarpheit formidlar intensiteten i naturen og det levande, men også einsemda, kalla fram nye assosiasjonar hos publikum når diktaren sine tekstar kom attåt. Oppmuntra av desse tilnærmingsmåtane og mirakla som skjedde ved møtet mellom bilete og tekst, våga Franois Monnet å følgje dette sporet gjennom verket til Hauge, på jakt etter å skape perspektiv heller enn parallellar mellom det skrivne og det synte, og han har gjort sitt beste for å skape ein dialog mellom kunstformene, av same slag som den ein i verket finn i det poetiske biletet.

Ved å knyte til det poetiske biletet ei konkretisering i form av måleri eller fotografi, risikerer ein å redusere det siste til rolla som illustrasjon, ettersom det eine opptrer berre i tankane og det andre fyrst for synet, det eine spring ut av meininga medan det andre trengjer inn i ho. Som verk som står på eigne bein, unngår fotografia til Franois Monnet denne fella, ganske enkelt fordi dei ikkje vart laga til dikta av Olav H. Hauge, og har sin sjølvstendige eksistens. Møtet, som ligg i botnen av det poetiske biletet, blir nytt her mellom dei to uttrykksformene.

Dette arbeidet framstår også som ei frukt av ei lang læretid i Noreg, som byrja tidleg på syttitalet. Franois er nitten år, dette landet fascinerer han, dette landet pregar han. Etter eit fyrste opphald der på fleire månader, vender han attende og slår seg til som småbrukar i Austefjorden, giftar seg, stiftar familie, kastar seg ut i kvardagen, samantreffa og det imaginære i tilværet, det vil seie livet fullt ut. Han utforskar landskapet og mytane,  og gjer nynorsken til sin. Han reiser frå Noreg fordi han er eit søkjande vesen, undervegs som skodespelar, freskomålar, fotograf, diktar… Han kjem attende gong etter gong, mellom anna for å spele hovudrolla i Peer Gynt av Ibsen, i ei framføring sett i scene av Ryszard Cieslak, som saman med Grotowski grunnla Théâtre Laboratoire. Ein dag set han seg føre å omsetje Olav H. Hauge.

”Eg kjende ein sterk trong. Eg kjende ikkje Hauge, men har kjent meg nær han. Dikta hans leier til det essensielle i ei verd som er altfor støyande, altfor skravlande. Eg la an på å gjendikte til fransk desse songane frå ein einebuar, skrivne i eit alvorleg og utmeisla språk. Under det tilsynelatande enkle ber dei ei djup og filosofisk ladning som kan likne skriftene til Bashô, Thoreau og Khayyam”.

François Graveline
(Oversetting : Olbjørn Oyehaug)

Chant, chemine léger sur mon coeur

Chant, chemine léger sur mon coeur,
chemine léger
comme la bruyère des marais
sur la fagne détrempée,
comme l’oiseau du matin
sur la glace d’une nuit.
Briserais-tu l’écorce de ma peine,
tu te noierais,
chant.

Song trø lett på hjarta mitt

Song trø lett på hjarta mitt,
trø lett som klokkelyng på søkkjemyr,
som fugl på nattgamal is.
Bryt du skorpa til kvida,
druknar du, song.

Foto:
1: Utsnitt fra fotoet «det er den draumen» (Francois Monnet)
2: Francois Monnet

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007